Internasjonale avtalar og samarbeid
Noreg er eit lite land i den store samanhengen. Med den opne økonomien vår treng vi eit bindande regelverk for internasjonal handel. Det gir føreseielegheit for næringslivet vårt. Slike internasjonale handelsavtalar gir vern til små land som Noreg mot press frå dei større landa.
Staten jobbar med å hjelpe norske bedrifter i internasjonale marknader på best mogleg måte. Norsk handel med utlandet blir regulert av ei rekkje avtalar, mellom anna EØS-avtalen, WTO-avtalen og eit tal frihandelsavtalar gjennom EFTA (European Free Trade Association).
Desse avtalane bestemmer kva vilkår som varer eller tenester kan seljast under, til dømes kva tollsatsar og avgifter som gjeld.
Noreg har vore medlem i Verdshandelsorganisasjonen (WTO) sidan organisasjonen blei oppretta i 1995. Det å vere medlem av WTO inneber å forplikte seg til å følgje same reglar for handel over landegrensene.
Gjennom å etablere felles spelereglar har WTO bidrege til og gitt moglegheita for ein stor auke i internasjonal handel og verdiskaping. Desse spelereglane gir oss føreseielegheit, og dei gir òg enklare og billegare handel over landegrensene.
Gjennom EØS-avtalen er EØS-/EFTA-landa Noreg, Island og Liechtenstein ein del av den indre marknaden i EU. Denne indre marknaden blir kalla EØS-området og omfattar i dag 31 land.
Det er avtalen om Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet som formelt sett knyter Noreg til den indre marknaden. Avtalen, som er best kjend under namnet EØS-avtalen, blei inngått mellom EU og frihandelsorganisasjonen EFTA i 1994.
I den indre marknaden rår prinsippet om rørslefridom av varer, tenester, personar og kapital. Dette blir gjerne omtalt som dei fire fridommane, og det er nettopp desse fire fridommane som utgjer kjernen i den indre marknaden.
Eit særtrekk ved EØS-avtalen er at han er dynamisk og i kontinuerleg utvikling.
Noreg har saman med dei andre EFTA-statane eit av dei mest omfattande nettverka i verda av frihandelsavtalar. Avtalane sikrar norske bedrifter auka marknadstilgjenge og betre føreseielegheit for eksport av varer, tenester og investeringar.
Noreg sine forhandlingar om nye frihandelsavtalar har betydning for næringa. Nyare frihandelsavtalar inkluderer òg avgjerder som skal leggje til rette for elektronisk handel og digitale transaksjonar.
Typiske spørsmål som blir diskuterte og regulerte, er mellom anna
- krav om at landa har regelverk knytte til forbrukarvern og personvern
- avgjerder om at elektroniske kontraktar og elektroniske signaturar blir aksepterte
- tollfridom for digitale produkt