Hopp til innhald

Arbeidsoppdrag

Trinn 7: Kopling av resterande anlegg

No er det på tide å kople til alle periferieiningane, som motorar, og eventuelt brytarar og lamper dersom dei ikkje er i skapdøra.
Ein elektrikar skrur i eit sikringsskap i eit privathus. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

For kvar dag du jobbar med kopling på anlegget, så må du legge til ein times reisetid. Kostnaden for oppmøte med firmabil vil komme i tillegg, så her er det spesielt viktig at ein er effektiv.

  1. Ta ein ny før du set spenning på anlegget.

  2. Still inn motorverna på merkestraumen til motorane.

  3. Prøv om motorane kan startast og stoppast.

  4. Test motorverna.

Ein kan teste motorvern på fleire måtar.

Vanlegvis testar ein ved å trykke inn testknappen (må ikkje forvekslast med resett-knappen). Men ein kan også kople frå ein av faseleidningane til motoren. Då vil ikkje motoren rotere, og motorvernet skal kople ut etter ei tid.

Relatert innhald

Termisk vern er eit motorvern med bimetallfunksjon. Det termiske vernet har som oppgåve å verne motoren mot overbelastning.

Sluttprodukt trinn 7

Oppdater timelista og kompletter denne med reiseutgifter.

Lever dokumentasjon for sluttkontroll med alt tilkopla.

Demonstrer at anlegget fungerer.

CC BY-SASkrive av Fred Berglyd.
Sist fagleg oppdatert 28.04.2022

Læringsressursar

Gjenvinningsanlegg