Termisk vern
Dersom motoren blir påført større mekanisk motstand enn det han er konstruert for, vil han redusere farta. For å prøve å halde farta oppe vil motoren trekkje meir straum, noko som igjen fører med seg varmgang i viklingane. Dette vil ganske fort føre til at motoren blir «brunnen opp», og må erstattast.
Dette er kostbart med tanke på både innkjøp og montering av ny motor. I ein produksjonsprosess vil heller ikkje anlegget vere operativt før ny motor er montert, og det fører til nedetid i produksjonen og tapte inntekter for bedrifta.
For å unngå dette blir det montert eit termisk vern, som er ein type motorvern. Dersom straumtrekket frå motoren blir for høgt, blir straumtilførselen kutta i det termiske vernet, og motoren blir stoppa før han blir øydelagd.
Det termiske vernet er den komponenten som blir plassert nærast motoren i straumføringsvegen, med unntak av rekkjeklemmene. Vernet kan monterast direkte på utgangane til kontaktoren eller vere frittståande.
Hjelpekontaktar
Det er òg hjelpekontaktar på motorvernet. Skruane i det kvite feltet indikerer tilkopling for normalt open (NO) og normalt lukka (NC). Vi brukar gjerne å kople styrestraumen via 95–96 (NC), noko som gjer at styrestraumkrinsen blir broten dersom motorvernet slår ut. 97–98 (NO) kan til dømes brukast til å få ei indikatorlampe til å lyse i beteningspanelet, noko som gjer at operatøren raskt ser at motorvernet har kutta straumen.
På sjølve motorvernhuset er det ein eigen stopp-brytar for å bryte kontakten og ein reset-bryter for å opprette kontakten igjen. Justeringsskruen gir oss moglegheita til å justere kor høg straumen kan bli før vernet slår ut. Vi kan justere mellom 2,5 og 4 ampere på denne modellen.
Det er naudsynt at vi justerar motorvernet rett, slik at det koplar ut når det skal. I databladet til motoren finn du ut kor mykje straum motoren trekkjer i normal drift og ved påslag. Gjer ei vurdering i samanheng med motor og kontaktor for å stadfeste at val av motorvern er rett.