Krav til elektriske maskininstallasjonar
Norma Maskinsikkerhet. Elektrisk utstyr på maskiner (NEK EN 60204-1) harmoniserer og samlar relevante forskrifter og reglar for elektriske installasjonar i tilknyting til alle installasjonar som styrer maskiner. Dette er mellom anna lågspenningsdirektivet, EMC-direktivet og maskindirektivet, i tillegg til forskrift om maskiner og forskrift om elektrisk utstyr.
Vi skal her gå gjennom nokre utdrag henta frå norma, som er relevante når du skal kople i tavler som er kopla til elektriske motorar.
Leidningane som blir brukte i koplingar inne i skåp, har ofte ulike fargar, slik som illustrasjonsbiletet over viser. Fargane blir brukte for å gjere systemet meir oversiktleg og for å skilje ulike krinsar frå kvarandre. Generelt kan fargane svart, brun, raud, oransje, blå, fiolett, grå, kvit, rosa og turkis bli brukte fritt. Men kombinasjonen gul/grøn er reservert for vernejording, og lyseblå er reservert for nøytralleiar i TN-nett. Desse skal ikkje brukast til nokon andre koplingar.
Det er juridisk sett ingenting i vegen for å til dømes bruke svarte leiarar til alle koplingar, bortsett frå for nøytral- og jordleiarar. Men for å gjere tilsyn og vedlikehald enklast mogleg tilrår norma at ein bruker dei følgjande fargane på andre leiarar:
Farge | Leiarar |
---|---|
svart | AC og DC forsyningskrinsar |
raud | AC styrekrinsar |
blå | DC styrekrinsar (ein kan skilje + og – ved hjelp av fargen kvit) |
oransje | styring frå ytre straumkjelde |
grå | analoge signal |
I tillegg skal leiarar merkast slik at dei samsvarer med den tekniske dokumentasjonen av anlegget. Som regel blir det markert kva komponentar og klemmenummer kabelen er kopla til.
Generelle krav
Leiarar og kablar skal veljast slik at dei er eigna for dei driftsforholda som kan finnast (til dømes spenning, straum, vern mot elektrisk sjokk eller forlegningsmåtar), og for dei ytre påverknadene som kan finnast (til dømes omgivnadstemperatur, vatn, korroderande stoff, mekaniske påkjenningar under montasje og drift eller brann). Leiarar skal vanlegvis vere av kopar.
Relatert innhald
Skal vi byggje sikre elektriske anlegg, må vi berekne tverrsnitt på kablane vi skal bruke. Her syner vi deg framgangsmåten.
Brytarar
Både brytarar og lamper på beteningspanel og styreskåp skal merkast både med tekst og farge som angir funksjon. Hovudregelen er at grøn startar eller indikerer at noko har starta, og at raudt stoppar eller indikerer at noko har stoppa.
Sjå tabellane under for meir detaljerte skildringar av fargekodane.
Farge | Betydning | Forklaring og døme |
---|---|---|
raud | naudssituasjon | blir betent ved farleg tilstand eller naudssituasjon, til dømes naudstopp |
gul | unormal | blir betent dersom noko unormalt har oppstått |
blå | obligatorisk | blir betent dersom det skal utførast ei bestemd handling |
grøn | normal | blir betent for å starte ein normal funksjon, til dømes ein motor |
kvit | inga definert betydning | for igangsetjing av funksjonar som start/stopp |
grå | inga definert betydning | for igangsetjing av funksjonar som start/stopp |
svart | inga definert betydning | for igangsetjing av funksjonar som start/stopp |
Signallamper
Farge | Betydning | Forklaring/døme |
---|---|---|
raud | naudssituasjon | ein farleg situasjon eller ein feil har oppstått |
gul | unormal | unormal situasjon, men ikkje nødvendigvis farleg |
blå | obligatorisk | varsel om at operatør må gjennomføre ei handling |
grøn | normal | drifta er normal |
kvit | inga definert betydning | kan brukast for å indikere anna som gir informasjon |
Det er tre kategoriar av stoppfunksjonar:
Kategori | Stoppfunksjon |
---|---|
stoppkategori 0 | krafttilførselen blir broten slik at maskina/motoren stoppar (det vil seie eit ukontrollert stopp) |
stoppkategori 1 | kontrollert stopp ved å halde ved lag krafttilførselen til drivinnretningane for å stoppe maskina og kople frå krafttilførselen når maskina har stoppa |
stoppkategori 2 | kontrollert stopp ved å halde ved lag krafttilførselen til drivinnretningane |
Naudstopp skal fungere anten som stoppkategori 0 eller som stoppkategori 1. Ved val av stoppkategori for naudstopp skal risikovurderinga leggjast til grunn.
I tillegg til krava for stopp gjeld desse krava til naudstoppfunksjonen:
- Han skal overstyre alle andre funksjonar og driftsformer.
- Krafttilførselen til drivinnretninga som kan forårsake farlege forhold, skal anten brytast med ein gong (kategori 0) eller styrast slik at farleg rørsle blir stoppa så raskt som mogleg (kategori 1) utan å skape farar.
- Tilbakestilling skal ikkje gjere at maskina startar opp igjen.