PLS – praktisk arbeidsoppdrag
Du skal i dette oppdraget lære om PLS-en, kva han kan brukast til, og korleis vi kan programmere og gjere funksjonar enklare.
Her skal du lære
- kva ein PLS er, og korleis han blir brukt
- ulike programmeringsspråk
- å programmere
- å lage tilordningsliste og bruke ho til programmering
- å velje fargar på brytarar, signallamper og leiarar
- styrestraumskjema for dreieretningsvendar med PLS
- risikovurdering
- sluttkontroll og dokumentasjon av anlegg med PLS
Arbeidsprosessen består av tre trinn. Trinn 1 er oppkopling og utgangspunkt for installasjonen. Trinn 2 er er programmering av PLS, og trinn 3 er sluttkontroll, funksjonstest og dokumentasjon av anlegget.
Trinn 1. Oppkopling
Risikovurdering er alltid første punkt i alle praktiske arbeid du utfører.
Deretter tek vi utgangspunkt i eit transportband som skal kunne køyrast i begge retningar. Transportbandet blir drive av ein trefasa asynkron kortslutningsmotor (-M1). Motoren får straum gjennom kontaktor (-Q1) når bandet går mot venstre, og gjennom (-Q2) når det går mot høgre.
- Du treng eit styreskap med sikringar, to kontaktorar, motorvern, og dessutan brytarar og signallamper, og ein trefasa asynkronmotor for å gjennomføre dette arbeidsoppdraget.
- I den relaterte artikkelen «Hovud- og styrestraumskjema» kan du lese meir om korleis anlegget ditt kan koplast. Det kan vere naudsynt å gjere enkelte tilpassingar ut frå kva slags utstyr du har tilgjengeleg på skulen din.
Trinn 2. Programmering av PLS og igangsetjing
Korleis PLS-en din skal programmerast, vil variere frå leverandør til leverandør. Som regel blir anten ladderdiagram eller funksjonsblokkdiagram brukt, men her må du altså tilpasse oppgåva di alt etter kva PLS-ar skulen din har tilgang på.
- Fleire detaljar finn du i den relaterte artikkelen «Programmering for PLS».
Etter at du har skrive programmet, bør du simulere og teste det i programvara du brukar for å programmere. Dersom alt ser ut til å vere i orden, overfører du programmet til PLS-en, og du er klar for trinn 3.
Trinn 3. Sluttkontroll, funksjonstest og dokumentasjon
No må du gjennomføre sluttkontroll av anlegget før det kan setjast spenning på og dokumenterast.
- Utfør visuell inspeksjon, og test alle koplingar.
- Utfør kontinuitetsmåling og isolasjonstesting av anlegget ditt.
- Set spenning på anlegget ditt, og gjennomfør funksjonstest.
- Utarbeid komplett anleggsdokumentasjon. Det inneber relevante teikningar (hovud- og styrestraumskjema), tilordningsliste, utskrift av programmet du har laga, og samsvarserklæring.
Relatert innhald
Hovud- og styrestraumskjema for PLS fortel oss om korleis koplingane for PLS-en skal vere.
Når vi programmerer for eit PLS-anlegg, kan vi lage eit ladderdiagram i ein programmeringsmodul. Dette overfører vi i ettertid til PLS-en.