Arbeidsoppdrag
Trinn 8: Levere ferdig anleggsdokumentasjon
Lag ei kort brukarrettleiing for kunden. Rettleiinga bør innehalde informasjon om tvungen startrekkefølge og kva lampene indikerer.
På eit nytt anlegg til industrien ville ein levert datablad på komponentane i anleggsdokumentasjonen, men ettersom denne oppgåva i praksis blir gjennomført på ein skule, kan vi droppe det her.
Har de gjort endringar i koplingsskjemaa undervegs? Sørg for at alt er 100 prosent oppdatert. Lever deretter det følgande:
brukarrettleiing
styrestraumskjema
hovudstraumskjema
arrangementsteikning
rekkeklemmetabell
Oppdater timelista.
Lever komplett dokumentasjon til læraren.