Hopp til innhald

Arbeidsoppdrag

Trinn 10: Berekraft og eigenvurdering

Det er lurt å reflektere over den jobben ein har gjort. Bruk gjerne teamet til å utveksle erfaringar.
To hender held planeten jorda. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Skriv eit avsnitt om korleis du har bidrege positivt til berekraftig utvikling i dette prosjektet. Det kan vere greitt å skilje mellom kva du kunne førestille deg at du bidrog med av berekraftige løysingar i bedrifta, og kva du gjorde i ein klasseromssetting.

Vidare kan det vere fornuftig å utbrodere litt kva som er meint med berekraft, til dømes gjenbruk av materiell og energisparing ved å unngå unødige reiser til bedrifta Berekraftig gjenvinning AS. Ta gjerne med noko generelt om EE-avfall òg.

Sluttprodukt trinn 10

Lever eit refleksjonsavsnitt om berekraft.

Lever også ei eigenvurdering der du skriv noko om korleis prosjektet fungerte, og litt om måloppnåing for høvesvis deg og teamet.

Andre moment du kan ta med:

  • tidsbruk versus tidsestimat

  • kva du har lært

  • korleis du synest oppgåva fungerte

CC BY-SASkrive av Fred Berglyd.
Sist fagleg oppdatert 28.04.2022

Læringsressursar

Gjenvinningsanlegg