Trinn 9: Sende rekning og samsvarserklæring
Når arbeidet er ferdig utført og testa, er det på tide å sende rekning og overlevere dokumentasjonen som kunden har krav på.
Her kan du lese meir om samsvarserklæring og finne ein mal du kan nytte: Samsvarserklæring - Energi- og styresystem (EL-ELE vg1) - NDLA.
PS: Paragraf 12 i FEL (forskrift om elektriske lavspenningsanlegg) seier noko om krava til dokumentasjon og samsvarserklæring.
Lever ei rekning som inneheld det følgande:
opplisting med pris for materiellet som er brukt (småmateriell som endehylser, skruar og liknande kan prisast med ein samla cirkasum)
kostnader for timar for alle i teamet
Ettersom rekninga er basert på det som er brukt av tid og materiell, er det naturleg å ta med enkeltprisar. Ikkje skriv berre ein samla sum for heile jobben.
Lever også ei samsvarserklæring basert på malen du finn via lenka ovanfor.