Hopp til innhald

Arbeidsoppdrag

Innleiing til prosjekt

Dette er ei oppgåve som baserer seg på læreplanmål frå vg2 elenergi og ekom og vg2 automatisering, ettersom det er eit YFF-prosjekt meint for elevar mot slutten av vg1. Prosjektet kan også passe som eit oppstartsprosjekt på vg2.
Samlebånd drevet av trefaset motor. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Sjå for deg at du spolar nokre år fram i tid. Du er tilsett i bedrifta Fabelaktig elektro AS, og du har teke fagbrev både som elektrikar og som automatikar.

Bedrifta Berekraftig gjenvinning AS ønsker tilbod på noko elektroarbeid.

Funksjonsbeskriving

Teikninga viser eit transportanlegg for kjeldesortering med tre transportband plassert i serie. Det fraktar sortert avfall frå gjenvinningsanlegget til konteinarar som kan fraktast bort med lastebil. Ved kvar del av transportbandet er det teikna inn ein nødstoppbrytar på golvnivå og ein motor rett under bandet. Frå konteinaren der avfallet hamnar, er det pil til ein lastebil som køyrer med tre konteinarar. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Figuren viser eit transportanlegg for kjeldesortert materiale. Kvart transportband skal ha kvar sin start/stopp-brytar. Anlegget skal ha tvungen startrekkefølge: T3, T2, T1.

Anlegget skal utstyrast med to nødstoppbrytarar som stoppar alle motorane. Nødstoppbrytarane skal vere plasserte ved transportbanda.

Anlegget skal også ha drifts- og feillamper for alle driftene.

Motorskiltet har vorte uleseleg, så ein veit ikkje kor stor straum motoren trekker, men ein veit det følgande:

  • Effekten på motorane er 7,5 kW.

  • Spenninga er på 230 V.

  • Det er tre fasar.

  • Effektfaktoren Cos er 0,88.

  • Verknadsgraden er 0,9.

  • Lengda på kablane er 20 meter (til kvar motor).

  • Kabelføring/forlegning: på kabelbru. Kabelbru finst ferdig oppmontert, og det er ledig plass til å legge nye kablar.

Gjenvinning AS ønsker pris på levering av skap med nødvendige komponentar, brytarar, kablar og montasje. Tilførsel til skapet blir levert av andre.

nettsida til Romerike Avfallsforedling IKS kan du sjå bilete og filmar som viser korleis eit slikt gjenvinningsanlegg ser ut og fungerer.

Oppbygning av prosjektet

Prosjektet er delt i ti trinn, og det er meininga at elevane skal gjennomføre sluttproduktet til kvart trinn før dei går vidare til neste.

  • Trinn 1: Utarbeide pristilbod

  • Trinn 2: Lage tilbodsbrev

  • Trinn 3: Innkjøp av materiell

  • Trinn 4: Risikovurdering og teikningsgrunnlag

  • Trinn 5: Kopling i skapet

  • Trinn 6: Sluttkontroll

  • Trinn 7: Kopling av resterande anlegg

  • Trinn 8: Levere ferdig anleggsdokumentasjon

  • Trinn 9: Sende rekning og samsvarserklæring

  • Trinn 10: Berekraft og eigenvurdering

I tillegg finst det heilt til slutt forslag til utvidingar av prosjektet for dei som har behov for det.

Kompetansemål til prosjektet

Kompetansemåla for prosjektet er henta frå læreplan for vg2 automatisering og vg2 elenergi og ekom.

Frå vg2 automatisering (AUT02-03) – automatiseringssystem
  • risikovurdere og utføre arbeidet på automatiseringssystemer fagmessig, nøyaktig og i overensstemmelse med gjeldende lover, forskrifter, normer og produsentenes tekniske dokumentasjon

  • planlegge, gjennomføre, vurdere og dokumentere yrkesoppgaver knyttet til automatiseringssystemer individuelt og i samarbeid med andre og begrunne valg som er gjort

  • kildesortere avfall etter eget arbeid i samsvar med internkontrollsystemet og beskrive klima- og miljøbelastningen av ulike komponenter og materialer i faget automatiseringssystemer

Frå vg2 automatisering (AUT02-03) – elenergisystem
  • risikovurdere og utføre arbeidet i elenergisystemer fagmessig, nøyaktig og i overensstemmelse med gjeldende lover, forskrifter, normer og produsentenes tekniske dokumentasjon

  • planlegge, gjennomføre, vurdere og dokumentere yrkesoppgaver knyttet til elenergisystemer individuelt og i samarbeid med andre og begrunne valg som er gjort

  • utføre sluttkontroll av yrkesoppgaver og vurdere måleresultatet opp mot gjeldende regelverk og beregnede verdier

  • installere, sette i drift og dokumentere automatiserte anlegg i bygg og fordelingsanlegg i industri basert på ulike spenningssystemer og installasjonsmetoder med tilhørende jordingssystemer

  • velge ledning, kabel og vern og dokumentere beskyttelse mot overbelastning, elektrisk sjokk og kortslutning basert på beregninger

  • utføre systematisk feilsøking i elenergisystemer ved hjelp av riktige måleinstrumenter og dokumentasjon og ta hensyn til måleinstrumentets nøyaktighet

  • kildesortere avfall etter eget arbeid i samsvar med internkontrollsystemet og beskrive klima- og miljøbelastningen av ulike komponenter og materialer i faget elenergisystemer

Frå vg2 elenergi og ekom (ELE02-03) – elenergi og styresystem
  • planlegge, gjennomføre, sette i drift, kontrollere og dokumentere yrkesoppgaver i faget elenergi og styresystemer individuelt og i samarbeid med andre ut fra gjeldende regelverk, normer og teknisk underlag og begrunne valgene som er gjort

  • risikovurdere yrkesoppgaver i faget elenergi og styresystemer

  • utføre arbeidet i faget elenergi og styresystemer i henhold til interne rutiner for elsikkerhet

  • dimensjonere ledning, kabel og vern utføre sluttkontroll av yrkesoppgaver i faget elenergi og styresystemer og vurdere måleresultatet opp mot gjeldende regelverk og beregnede verdier

CC BY-SASkrive av Fred Berglyd.
Sist fagleg oppdatert 28.04.2022

Læringsressursar

Gjenvinningsanlegg