Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Drøft: Korleis påverkar media individ og samfunn?

Å drøfte er å belyse ei sak frå ulike sider slik du kan gjere deg opp ei meining om saka basert på fakta og grundig refleksjon. Drøft påverknaden ulike medium har på oss som individ og samfunn.
Ein mann med ein TV til hovud held opp ein hjerne og ser på han. Foto.

Medium utgjer ein stor del av kvardagen vår, og har kraft til å påverke både samfunnsutviklinga og livet til den enkelte.

  • Lag ei problemstilling som handlar om korleis ulike medium påverkar individ og samfunn. Du kan velje å gå i djupna på enkelte medium eller å ha eit meir overordna blikk på medium generelt.

  • Du kan velje om du vil skrive ein drøftande fagartikkel, eller om du vil drøfte problemstillinga munnleg, åleine eller i samtale med andre.

  • Definer ei målgruppe for teksten, og tilpass utforminga av teksten etter denne målgruppa.

  • Bruk punkta nedanfor som støtte i arbeidet med oppgåva:

1. Få overblikk over temaet

  • Les dei to fagartiklane om mediepåverknad under.

  • Noter punkt frå artiklane som du synest seier noko viktig om temaet.

  • Diskuter temaet i par eller grupper, og lag ei liste over ulike sider ved saka som kjem fram i diskusjonen.

  • Del listene i klassen etterpå. Noter punkt frå andre grupper som du synest er interessante.

Relatert innhald

2. Utforsk temaet i djupna

  • Sjå på notata frå førre steg, og lag ein førebels plan for kva for ulike sider ved saka du vil skrive om.

  • Lag eit tokolonne-notat der du skriv dei utvalde punkta til venstre og utdjupar punkta med eigne refleksjonar og døme til høgre.

  • Gjer eit kjeldesøk for å belyse kvart punkt med fakta og tal. Forslag til kjelder for statistikk over mediebruk:
    SSB: Norsk mediebarometer 2020
    Medietilsynet: Barn og medium 2020
    Ungdata: Rapportar

  • Gjer eit kjeldesøk for å belyse kvart punkt med døme og perspektiv frå andre sine diskusjonar om dette. Moglege kjelder kan vere dokumentarar, debattinnlegg, fagartiklar og kronikkar om ulike sider ved saka.
    Forslag til kjelder:
    NRK: Uro: sjukt sosial
    NRK: Innafor: influenser
    NRK: Folkeopplysninga: Make Lillestrøm great again

  • Legg til stikkord frå kjeldene og lenkjer til kjelder i høgre-kolonnen i notatet ditt.

  • Be om rettleiing frå læraren undervegs i arbeidet med utgangspunkt i det du har jobba med i dette notatet.

  • Noter ned tilbakemeldingar frå læraren i høgre-kolonnen ved kvart punkt.

3. Utforming av tekst

No er du klar for å produsere den drøftande teksten din. Bruk kunnskap om tekstar og ulike kommunikasjonssituasjonar i utforminga. Anten du vel ei munnleg eller skriftleg form på oppgåva di, må ho ha med desse punkta:

  • Ha ei innleiing som introduserer problemstillinga og vekkjer interessa til mottakarane for temaet.

  • Ha ein hovuddel som belyser og diskuterer ulike sider ved problemstillinga. Hugs å oppgi kjelder.

  • Ha ei avslutning som samlar trådane frå drøftinga om påverknaden til media. Har du fått eit nytt syn på saka eller kome fram til ein konklusjon gjennom å gå grundig inn på dei ulike sidene ved dette temaet?

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Caroline Nesbø Baker.
Sist fagleg oppdatert 29.04.2021

Læringsressursar

Rettleiing i skriving av fagtekst