Hopp til innhald

Eigenvurdering

Sjekk om du er klar for nasjonalgitt eksamen i MIK 2

Sjekk om du er førebudd til eksamen. Du skal levere eit medieprodukt og skrive ein fagtekst.
Unge personar sit ved eit langbord og jobbar på berbare datamaskiner og med handskrivne notat. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Har du fått med deg

  • at nasjonalgitt eksamen i MIK 2 er todelt? I den eine oppgåva skal du levere eit medieprodukt, i den andre oppgåva skal du skrive ein fagtekst.

  • at du må ha klart for deg målgruppe, kanal, bodskap og verkemiddel i planlegginga av eit medieprodukt?

  • at ein fagtekst er bygd opp av ei innleiing, ein hovuddel og ei avslutning som heng saman og svarer på problemstillinga du har definert?

  • at du må vite korleis du skal definere og bruke omgrep, og korleis du bygger opp eit avsnitt i eit skriftleg svar?

  • at du må bruke kjelder og referere til desse korrekt, både i ein medieproduksjon og i eit skriftleg svar?

  • at eksamenen blir vurdert etter bestemde kriterium?

CC BY-SASkrive av Albertine Aaberge.
Sist fagleg oppdatert 29.03.2022

Læringsressursar

Rettleiing i skriving av fagtekst