Hopp til innhald
Fagartikkel

Tips til gjennomføring av produksjonen

Å jobbe målretta og systematisk i heile produksjonsprosessen er smart. Når du skal ut i produksjon, løner det seg å ha tydelege planar og god kommunikasjon.

Førebuingar før produksjon

  • Sjekk at alle har lese og forstått framdriftsplanar, produksjonsplanar og arbeids- og ansvarsfordelinga.

  • Sjekk at alle involverte har fått beskjed, og at opptaksstader er klare til bruk.

  • Dobbel- og trippelsjekk teknisk utstyr.

  • Finn ut kva lover og reglar som gjeld for produksjonen din. Det kan til dømes vere åndsverklova, personvernlova, Ver varsam-plakaten og/eller marknadsføringslova.

Under produksjon

  • Når du er i gang, er det viktig å halde humøret oppe. Sørg for påfyll av mat og drikke. Det er ikkje utan grunn at produksjonsselskapa kjøper inn kilovis med godteri når dei er i opptak. Blodsukkeret til staben må haldast i sjakk.

  • Bruk tida godt. Ver effektiv når du først set i gang.

  • Hald deg til planane, men ikkje ver redd for å vere spontan og gjere endringar undervegs. Ein god plan sikrar at du er på rett spor, men han kan fråvikast.

    Døme: Ein journalist som har førebudd spørsmål til eit intervju, bør stille oppfølgingsspørsmål der og då til svara som blir gitt. Det vil sannsynlegvis gi fleire og betre svar.

Samle og setje saman

  • Lag sikkerheitskopi av alt innhald.

  • Lag ein god dokumentstruktur på datamaskina når du importerer filene dine.

  • Faktasjekk: Dobbeltsjekk sentrale fakta. Ved bruk av kjelder, sjekk at du krediterer rett. Dersom du har intervjua nokon, sørg for at du har stava namnet deira rett.

  • Språksjekk. Ein skrivefeil i den ferdige produksjonen vil verke svært forstyrrande og svekkje kommunikasjonen din.

  • Pass på at du har vurdert og teke etiske omsyn og held deg innanfor lover og reglar.

  • Sørg for at du eksporterer i rette filformat og storleikar.

  • Sjekk at alt fungerer både innhaldsmessig og teknisk før du sender over arbeidet ditt til oppdragsgivar første gong.

  • Til slutt: Hald alle fristar, og sei ifrå i tide viss du ser at du sprekk på ein deadline.

Relatert innhald