Hopp til innhald

Arbeidsoppdrag

Planlegg og vurder ei oppslukande nyheitsforteljing

Oppslukande journalistikk ("immersive journalism") er ei nemning som blir brukt om nyheitsforteljingar som tek i bruk 360-gradarsvideo og ulike former av virtuell verkelegheit (VR). Du skal no gjennomføre planleggingsfasen for ein slik produksjon.
Hand som held i ein mobiltelefon. Fjell med ei innteikna reiserute stikk opp frå skjermen. Illustrasjon.

Fase 1: Planlegging

Du skal no planlegge ei oppslukande nyheitsforteljing der du tek i bruk både skriftleg tekst, 360-gradarsvideo og ulike former av virtuell verkelegheit (VR). Nyheitsforteljinga skal publiserast i ei nettavis.

Du kan sjølv velje kva nyheitsforteljinga skal handle om.

Planen din skal innehalde

  • ei skildring av korleis du vil vinkle saka

  • ei skildring av korleis du vil gjennomføre researchfasen

  • ei oversikt over aktuelle kjelder du vil bruke

  • ei oversikt over intervjuobjekt, medverkande og locations

  • eit stikkordmanus for den skriftlege delen av nyheitsforteljinga

  • eit biletmanus som grovt skisserer korleis du vil legge til rette ein 360-gradarsvideo

  • ei skildring og ei visuell skisse som viser korleis du vil ta i bruk virtuell verkelegheit som ein del av nyheitsforteljinga

Fase 2: Vurder planen din kritisk

I neste fase skal du gjennomføre ei kritisk vurdering av planen din ut frå det du veit om oppslukande journalistikk og ny teknologi. Lag eit notat som beskriv

  • korleis og i kva grad du har sørgt for at mottakarane har fått ei rolle i nyheitsforteljinga du har planlagt

  • kva verkemiddel du har valt for å skape kjenslemessige band til menneska, hendingane og stadane historiene handlar om

  • etiske problemstillingar som du har teke stilling til i planlegginga av nyheitsforteljinga

  • kvifor mottakarane vil oppleve nyheitsforteljinga di som innovativ og engasjerande

Relatert innhald

Teknologi og digital medieutvikling har fått store konsekvensar for journalisten. Innovasjon og nyutvikling står sentralt i norske mediehus i dag.

CC BY-SASkrive av Ragna Marie Tørdal.
Sist fagleg oppdatert 07.04.2022

Læringsressursar

Journalistikk i ei ny tid