Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Kva skil redaksjonelle og ikkje-redaksjonelle medieaktørar?

Kva skil ulike medieaktørar? I denne oppgåva skal du sjå nærare på korleis redaksjonelle og ikkje-redaksjonelle medieaktørar presenterer samfunnsaktuelle tema.
Tre ungdommar ser på ein mobilskjerm. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Tenk over:

Kva skil redaksjonelle og ikkje-redaksjonelle medieaktørar? Korleis kjem dette skiljet fram i samfunnsaktuelle saker?

Oppgåve 1: Studer, vurder og reflekter rundt medieinnhald frå NRK

Det kan vere utfordrande å snakke med barn om rasisme. I denne oppgåva skal du sjå nærare på korleis medieaktøren NRK Super set søkjelyset på temaet rasisme.

  1. NRK Super er ein redaksjonell medieaktør. Kva kjenneteiknar ein redaksjonell medieaktør?

  1. Sjå musikkvideoen over og NRK Supers bakomfilm frå produksjonen.

  2. Gå saman i grupper og diskuter innhaldet i musikkvideoen:

    • Kva er bodskapen i musikkvideoen?

    • Kven er målgruppa?

    • Kva slags retoriske verkemiddel er tekne i bruk for å nå fram til målgruppa?

    • Peik på nokre spesielle trekk ved formgivinga og komposisjonen av musikkvideoen.

    • Korleis vil du vurdere truverdet til avsendaren NRK Super?

    • Vurder kva som er føremålet med kommunikasjonen. Trekk linjer til desse punkta i svaret ditt:

      • Samfunnsoppdraget til redaksjonelle medium

      • NRK som allmennkringkastar


Oppgåve 2: Studer, vurder og reflekter rundt innhald frå ein ikkje-redaksjonell medieaktør

To tenåringar. Ein av dei ser på mobilskjermen sin. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge
  • Kva kjenneteiknar ein ikkje-redaksjonell medieaktør?

  • Finn døme på ulike typar av ikkje-redaksjonelle medieaktørar.

  1. Gjer eit søk på sosiale medium etter samfunnsaktuelt innhald frå ein ikkje- redaksjonell medieaktør. Det kan vere innhald frå ein privatperson, ein ideell organisasjon eller ei privat bedrift. Søk på ulike sosiale mediekanalar, som til dømes TikTok, Snapchat eller YouTube.

    Ta for deg eit av innlegga og reflekter rundt innhaldet:

    • Kven er avsendaren av medieinnhaldet?

    • Kva slags type medieaktør er dette?

    • Korleis vil du vurdere truverdet til avsendaren?

    • Kva er bodskapen i innlegget?

    • Kvifor meiner du dette er eit samfunnsaktuelt tema?

    • I kva samanheng er innhaldet produsert?

    • Vurder kva som er føremålet med kommunikasjonen.

    • Er dette ein medieaktør som baserer verksemda si på reklameinntekter? På kva måte kan det i så fall påverke korleis vi tolkar medieinnhaldet?


Oppsummering – gå saman i grupper og diskuter spørsmåla:

  • Kva er viktige forskjellar på redaksjonelle og ikkje-redaksjonelle medieaktørar?

  • Korleis kjem skiljet mellom redaksjonelle og ikkje-redaksjonelle medieaktørar fram i døma du har sett på i denne oppgåva?

  • Korleis kan kritisk mediekompetanse bidra til at vi meistrar og forstår ulike medieuttrykk?

Relatert innhald


CC BY-SASkrive av Eva Sophie Wolff-Hansen.
Sist fagleg oppdatert 08.03.2022

Læringsressursar

Journalistikk i ei ny tid