Hopp til innhald
Oppgåve

Reflekter rundt innovasjonar i journalistikken

Nye medium og digital teknologi har fått store konsekvensar for korleis journalistikk blir produsert, publisert og brukt. I denne oppgåva skal du reflektere rundt temaet innovasjonar i journalistikken.
Video: Innovasjonar i journalistikken. Video: film_konsulentene / CC BY-NC-SA 4.0

Oppgåve 1) Reflekter over innovasjonar i journalistikken

A: Sjå videoen «Innovasjonar i journalistikken».

B: Gå saman i grupper på tre til fire elevar. Reflekter munnleg rundt spørsmåla under. Poenget med refleksjonen er at de skal vise innsikt, forståing og kunnskap. Heile gruppa skal vere delaktig i refleksjonen.

  • Videoen ser nærmare på ei rekkje innovasjonar i journalistikken. Kva for nokre av desse innovasjonane synest de er mest spennande?
  • Kva konsekvensar kan desse innovasjonane få for journalistikken?
  • Kva konsekvensar kan desse innovasjonane få for dykk som mediebrukarar?
  • Sjølv om mediebransjen og journalistrolla er i stadig endring, står samfunnsoppdraget til media fast. Kvifor er det viktig at samfunnsoppdraget til media ikkje blir endra? Om de er usikre, kan de lese meir i boksen under:
Media sitt samfunnsoppdrag

Media sitt samfunnsoppdrag står fast

Sjølv om mediebransjen og journalistrolla er i stadig endring, er det nokre særtrekk som står fast. Objektivitet, kjeldekritikk og etikk er like viktig no som før. Samfunnsoppdraget til media har heller ikkje endra seg, og nyheitsmedia har framleis ei sentral samfunnsrolle.

Pressa har framleis som oppgåve å formidle informasjon som gjer at folk kan delta i samfunnsdebatten og ta medvitne val. Media skal halde fram med å tale enkeltmennesket si sak mot autoritetane og avsløre maktmisbruk og kritikkverdige forhold hos styresmaktene.

Oppgåve 2) Lag ein podkast

Gå saman i grupper på tre elevar. Lag ein panelpodkast på rundt 10 minutt, der de reflekterer rundt ei problemstilling. Målet med podkasten er at de skal vise innsikt, forståing og kunnskap om temaet innovasjonar i journalistikken.

  • Korleis trur de medieteknologiske innovasjonar, blant anna kunstig intelligens, vil påverke journalistikken i åra som kjem? Reflekter rundt positive og negative sider ved denne utviklinga.
  • Formuler dykkar eiga, litt smalare problemstilling. Denne skal de reflektere rundt i ein podkast.

1) Gjer research om temaet

Søk sikre kjelder på nettet, sjå gjennom videoen «Innovasjonar i journalistikken», og les den relaterte artikkelen:

Relatert innhald

Fagstoff
Digital og innovativ journalistikk

Teknologi og digital medieutvikling har fått store konsekvensar for journalisten. Innovasjon og nyutvikling står sentralt i norske mediehus i dag.

2) Lag ein køyreplan

De kan strukturere podkasten med ein køyreplan. Planen kan vere så enkel som ei kulepunktliste med argument og rekkjefølgja på dei ulike delane de skal setje saman i podkasten. Fordel taletida mellom gruppedeltakarane. Det viktige er å få god oversikt og ei kjensle av korleis podkasten kjem til å bli.

2) Spel inn podkasten

Tenk på lydkvaliteten, og vel ein formålstenleg stad å gjere opptak. Unngå bakgrunnsstøy. Alle gruppemedlemmene skal vere delaktige i panelpodkasten, og problemstillinga skal gå som ein raud tråd gjennom heile medieproduktet. Vis til kjelder undervegs i podkasten. Vis gjerne til konkrete døme frå videoen «Innovasjonar i journalistikken».

3) Etterarbeid og publisering

Behandle opptaket i eit lydredigeringsprogram. Sørg for at lyden er jamn gjennom heile podkasten. Avtal innlevering av arbeidet og eventuell publisering med læraren din.

Relatert innhald