Oppgåve
Diskuter atypiske nyheitssjangrar
Innanfor journalistikken har det vore prøvd ut nye måtar å formidle fakta på. Kva for sjangertrekk har medieuttrykket? Diskuter korleis og kvifor journalistiske sjangrar er i utvikling.
- Til kva sjanger høyrer medieuttrykket? Informasjonssøkjeteneste, redaksjonell og/eller brukarorientert sjanger?
- Kva for journalistisk sjanger ligg nærast?
- Journalistikk har som føremål å formidle fakta. Beskriv innhaldet og tematikken. Kva for sjangerkonvensjonar er brukte i formgiving, komposisjon og navigasjon?
- Hva er føremålet med dette journalistiske arbeidet?
- Kvar ville du plassert sjangeren dersom du skulle kaste lys over han i eit medieutviklingspespektiv?
Hugsar du?
- Ein gjenskapt sjanger er basert på ein sjanger som finst i analoge medium, som til dømes avis og leksikon.
- Varianten av ein sjanger har opphav i ein analog sjanger, men inneheld element som er spesifikke for nettet, til dømes når video er brukt i ein avisartikkel.
- Ein vidareutvikla sjanger er heilt avhengig av nettet, men minner om kjende sjangar, til dømes når du lagar di eiga nettavis gjennom kuratortenester som Flipboard eller Feedly.
- Ein spontan sjanger finst det ikkje samsvar til i tidlegare medium. Nettkamera, nettbutikkar eller sosiale kart eller snapchat-innlegg er nokre døme.
- Kva for sjangertrekk har medieuttrykket? Presenter ei oppsummering av svara de er komne fram til i større grupper.
- Diskuter vidare korleis, kvifor og i kor stor grad journalistiske sjangrar er i utvikling.