Gi mediepolitiske råd til kulturministeren
Jobb gjerne saman to og to eller i mindre grupper.
Les debattinnlegget "Facebook kan ikke gjemme seg lenger" på M24. Debattinnlegget er skrive av kultur- og likestillingsminister Anette Trettebergstuen i november 2021.
Lag ei punktliste over dei problema Trettebergstuen meiner mediepolitikarar må vere opptekne av når det gjeld utviklinga i den internasjonale mediemarknaden.
Er det noko de meiner manglar på denne lista? I så fall kan de leggje til eigne punkt.
Vel ut fem viktige satsingsområde for norsk mediepolitikk dei neste fire åra. For kvart av desse satsingsområda skal de føreslå konkrete tiltak som regjeringa bør setje i verk.
Bruk gjerne eit skjema som dette:
Satsingsområde | Tiltak |
---|---|
1 (Beskriv satsingsområdet og kvifor det er viktig at politikarane jobbar med dette.) | (Kom med forslag til konkrete tiltak som regjeringa bør gjennomføre åleine eller i samarbeid med andre land.) |
2 | |
3 | |
4 | |
5 |
Vel ut det viktigaste mediepolitiske tiltaket frå skjemaet dykkar og presenter det på Facebook-sida til kulturminister Anette Trettebergstuen.
Som kulturminister er det ho som har ansvaret for norsk mediepolitikk.
Forklar kven de er, og at dette er ein del av ei skuleoppgåve. Hugs at innlegget må vere seriøst, sakleg og presist formulert. Be læraren ta ein sjekk før de postar innlegget.