Hopp til innhald

Fagstoff

Stress og psykisk helse

Mange ungdommar opplever stress i kvardagen, men kva er eigentleg stress? Kva er samanhengen mellom stress og psykisk helse, og i kva situasjonar er stress negativt eller positivt?
Klossar står stabla oppover som ei trapp. Dei ytste klossane, trinna i trappa, formar ordet "stress". Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Kva er stress?

Å oppleve stress er ein naturleg del av det å vere menneske og er i utgangspunktet meint for å hjelpe oss å overleve. Stress betyr påkjenning eller belastning og kan vere både positivt og negativt. Enkelt forklart kan vi seie at stress er måten kroppen førebur seg til handling på.

  • Negativt stress oppstår når krava til ein situasjon er for høge i forhold til kva vi opplever at vi har ressursar til å meistre.
  • Positivt stress er når reaksjonen til kroppen hjelper oss å handtere ein situasjon, og når vi opplever å meistre han.

Når du opplever stress, skjer det ei rekkje reaksjonar i kroppen. Mellom anna pumpar hjartet blod raskare til dei store muskelgruppene slik at du kan springe eller kjempe mot ein trussel. Pusten går raskare og kroppen skil ut stresshormon som adrenalin og kortisol.

Ein mann tek seg til håret framfor ein dataskjerm. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Kva fører til stress hos ungdom?

Kva vi opplever som stressande, varierer frå person til person. Årsakene kan vere både indre og ytre faktorar. Døme på indre faktorar kan vere at ein har høge krav til seg sjølv eller har lett for å bekymre seg. Døme på ytre faktorar kan vere å ha mange prøver på skulen eller ei skilsmisse mellom foreldre.

Når ungdommar blir spurde om kva som stressar dei, svarer dei ofte at skulesituasjonen er ei av hovudkjeldene til stress. Venneforhold, konfliktar med foreldre eller kjærast er òg viktige stresskjelder. Undersøkingar viser at jenter generelt kan oppleve både skulesituasjonen og dei sosiale forholda som meir stressande enn gutar.

Mange elevar synest skulen stiller høge krav, samtidig som dei ikkje føler at dei sjølve kan påverke eller endre krava. Slike situasjonar opplever vi menneske som ekstra stressande.

Ei ung kvinne poserer for kamera med ei T-skjorte der det står "Bra nok – for faen". Foto.

Samanhengar mellom stress og psykisk helse


I forskinga som finst om ungdom og stress, ser ein at ungdommar som rapporterer om skulestress òg rapporterer om fleire psykiske plager. Det er viktig å hugse på at vi ikkje kan vite heilt sikkert om det er stresset som har ført til dei psykiske plagene.

I nokre tilfelle kan rett nok langvarig stress føre til psykiske plager, spesielt angst og depresjon. Til dømes kan stress gjere at ein trekkjer seg unna vener, byrjar å sove dårlegare eller sluttar med ting ein synest er gøy.

Stress kan òg føre til at ein blir meir nervøs og bekymra enn ein bruker å vere. Det er elles viktig å nemne at dersom ein har opplevd fysisk eller psykisk mishandling som barn, vil ein ofte kjenne på sterkare stressreaksjonar seinare i livet.

To gutar sit og smiler framfor ein dataskjerm. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Det gode stresset

Det er ikkje alltid slik at stress fører til dårlegare psykisk helse. I mange tilfelle når vi opplever stress, vil vi erfare at vi anten klarer å meistre situasjonen på eiga hand eller ved hjelp av omgivnadene våre.

Ei passe mengde stress kan gjere at du er meir fokusert på det du skal utføre, jobbar meir effektivt og presterer betre. Til dømes presterer du betre på ein prøve viss du er litt (men ikkje for mykje) stressa, samanlikna med om du er heilt avslappa.

To tenåringsjenter slapper av saman i ein sofa. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Når er stress ikkje bra for oss?

Å oppleve langvarig stress kan vere negativt både for psykisk og fysisk helse, spesielt viss du samtidig opplever å stå åleine i situasjonen. Viss du kjenner at stresset er der mesteparten av tida og samtidig øydelegg for deg i kvardagen, er det lurt å be om hjelp.

Her er nokre døme på langvarige stressymptom:

  • Det er vanskeleg å sovne om kvelden, eller du vaknar mykje i løpet av natta.
  • Du kjenner ofte på kroppslege plager som hovudverk, spente musklar, kvalme eller hjartebank.
  • Det blir vanskelegare å konsentrere seg eller å hugse ting.
  • Stresset går utover humøret ditt, du blir meir irritabel eller fortare lei deg.
  • Stresset går utover relasjonar til vener, kjærast eller familie.


Hugs at det er betre å be om hjelp éin gong for mykje enn for lite. For mange kan det vere ein god idé å snakke med dei vaksne heime eller nokon ein har tillit til på skulen, til dømes lærar, rådgivar eller helsesjukepleiar. Det går òg an å få hjelp gjennom chattetenester som Kors på halsen eller Mental blir helsa hjelpetelefon: 116 123.

Ei fortvilt jente sit ved eit bord saman med ei sjukepleiar som lyttar til det ho har å seie. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Korleis meistre kvardagstress?


Det er mange ting du sjølv kan gjere for å minske stress i kvardagen. Ver medviten om dine eigne forventningar, set grenser, og lag ei oversikt over kva du skal gjere når. Det hjelper òg å trene, kople av, vere sosial og passe på at du får nok søvn.

I artiklane under du lese meir om kva du kan gjere åleine, og kva du kan gjere saman med andre for å meistre negativt stress.

Kjelder

Anniko, M. K., Boersma, K. & Tilfors, M. (2019). Sources of stress and worry in the development of stress-related mental health problems: A longitudinal investigation from early- to mid-adolescence. Anxiety, Stress, & Coping, 32(2), 155–167.

Bakken, A., Sletten, M. Aa. & Eriksen, I. M. (2018). Generasjon prestasjon?. Ungdoms opplevelse av stress og press. Tidsskrift for ungdomsforskning, 18(2), 45–75.

Karasek, R., & Theorell, T. (1990https://www.vestreviken.no/vip-psykisk-helse-i-skolen/). Healthy Work: Stress, productivity, and the reconstruction of working life. New York: Basic Books.

Samdal, O., Wold, B., Harris, B. & Torsheim, T. (2017). Stress og mestring. Helsedirektoratet. HEMIL-senteret, Universitetet i Bergen.

Siegel, D. J. (2012). Developing Mind, Second Edition. New York: Guilford Publications.

Sletten, M. (2017). Psykiske plager blant ungdom: sosiale forskjeller og historien om de flinke jentene. I Oppvekstrapporten 2017: Økte forskjeller – gjør det noe? (124–145). Oslo: Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet.

Svartdal, F. & Malt, U. (2019, 31. oktober). Stress. I Store norske leksikon. Henta  8. april 2020 frå https://snl.no/stress


Denne artikkelen er skriven av VIP Psykisk helse i skolen.

Relatert innhald

Det er fleire ting du kan gjere for å meistre kvardagsstress. Stress påverkar oss ulikt, og du må finne ut kva måte som fungerer best for deg.

Stressmestring handlar ikkje berre om kva du åleine kan gjere for å takle stress, det handlar òg om kva vi kan gjere saman.

CC BY-SASkrive av Camilla Øien .
Sist fagleg oppdatert 04.05.2020

Læringsressursar

Press og stress