Minoritetsstress
Sjå filmen over og svar på spørsmåla:
Kva døme på minoritetsstress blir nemnde i filmen?
Kvifor er minoritetsstress eit samfunnsproblem, meiner du?
I filmen fortel Aya om eit jobbintervju der ho blir utsett for diskriminering. Kva kan vere samanhengen mellom diskriminering og minoritetsstress?
Førebuing
Del klassen inn i grupper.
Lag til gruppebord i klasserommet. På kvart bord ligg ein plakat med eit spørsmål og ein penn til å skrive inn svar. Forslag til spørsmål på plakatane:
Kva gjer minoritetsstress med den psykiske helsa?
Finn nokre fleire døme på minoritetsstress som ikkje har blitt nemnde.
Kva hjelper mot minoritetsstress?
Kva kan skulen og klassen gjere for å dempe minoritetsstress hos elevar?
Har du lært noko nytt i dag som du ikkje kunne eller forstod før? Viss ja – kva er det?
Gjennomføring
Kvar gruppe startar ved å velje seg eit bord der det ligg eit spørsmål.
Kvar gruppe får 5–10 minutt til å skrive ned svaret på spørsmålet før dei går vidare til neste bord.
Når gruppene kjem til eit nytt bord, skal dei lese svara frå dei førre gruppene og bygge vidare på dei.
Alle gruppene skal vere innom alle borda og svare på alle spørsmåla.
Oppsummering i plenum
Gruppa les opp svara frå plakaten på det siste bordet dei sat ved.
Diskuter kva som er det viktigaste de har komme fram til, og korleis de kan bruke dette for å skape konkrete endringar på skulen dykkar.
Denne oppgåva er skriven av VIP Psykisk helse i skulen.
Relatert innhald
Det finst ulike former for rasisme. Reflekter over korleis rasismen verkar, og over kva du og samfunnet kan gjere for å stoppe han.