Mange ungdommar opplever press og stress, men stress er ikkje nødvendigvis noko negativt. Kva er forskjellen på positivt og negativt stress, og kvifor kan ungdommar lett bli stressa?
Før filmen: Diskuter med sidemannen
- Kva er stress?
- Er det mykje press og stress blant ungdommane de kjenner til?
Etter filmen
Kva er stress?
- Kva er forskjellen på positivt og negativt stress? Gi konkrete døme.
- Kva betyr det at stress både kan ha indre og ytre årsaker? Gi nokre konkrete døme.
- Kvifor kan ungdommar vere spesielt utsette for stress?
Stressa?
- Finn eit døme der du sjølv eller nokon du kjenner var stressa på same tid som gjeremålet likevel blei gjennomført. Vel eit døme som du er villig til å dele med resten av klassen.
- Korleis trur du stresset kan ha hjelpt deg eller den du kjenner, til å meistre denne situasjonen?
- Finn eit døme på ein situasjon der du (eller nokon du kjenner) var så stressa at du/de presterte dårlegare og ikkje fekk til det du/de ville.
- Kva kunne du eller den du kjenner, ha gjort annleis for å takle denne situasjonen betre?
Diskuter i grupper
- Kvifor er det viktig at vi ikkje alltid prøver å unngå stress, men i staden trener oss på å takle stressande situasjonar?
- Kva meiner psykologen Magnus Nordmo i filmen når han seier at "meistringserfaringar er den beste måten å takle stress på"?
Diskuter dykkar eigne døme på stress i spørsmål 2. Korleis kan de meistre stress og stressande situasjonar på ein best mogleg måte?
CC BY-SASkrive av Karl Henrik Aanesen.
Sist fagleg oppdatert 15.05.2020