Hopp til innhald

Fagstoff

Konflikthandtering

Konfliktar oppstår når menneske opplever sterke motsetningar seg imellom og ikkje greier å bli einige.
Konflikt mellom pårørande og helsepersonell på sjukehus. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Når du er på jobb i oppvekst-, helse- og sosialsektoren, vil du oppleve at små og store konfliktar oppstår. Kollegaer kan vere i konflikt med kvarandre. Usemje mellom deg som fagperson og brukarar og pårørande kan utvikle seg til ein konflikt. Det kan òg oppstå konfliktar mellom bebuarar på ein sjukeheim eller mellom barna i ein barnehage.

Du kan òg oppleve indre konfliktar. Det betyr at du synest det er vanskeleg å vite kva som er den beste av fleire løysingar.

Konflikter på jobben

Når konfliktar oppstår på jobben, må du som fagperson handtere dei. Da må du

  • ha kunnskap om ulike typar konfliktar
  • kjenne til korleis konfliktar kan utvikle seg og bli forsterka
  • ha ferdigheiter i å handtere konfliktar
  • ha ferdigheiter i kommunikasjon, slik at du ikkje medverkar til å forsterke konflikten

Konflikten utviklar seg

Konflikttrappa er ein modell som forklarer korleis ein konflikt gjerne utviklar seg. Det er enklast å handtere ein konflikt på det nedste trinnet i trappa. Da er partane villige til å lytte til kvarandre.

Konflikttrappa

På første trinn er personane sakleg ueinige. Dei forklarer synspunkta sine på ei sak og registrerer at den andre har eit anna syn. Partane er ikkje uvenner og prøver å lytte til kva den andre meiner. Dei diskuterer og er villige til å finne ei løysing.

På andre trinn har konflikten auka. Partane står på sitt og argumenterer hardt for at dei sjølve har rett. Deira løysing er den som bør veljast. Partane pratar ofte i munnen på kvarandre, og vi ser på kroppsspråket at dei er engasjerte. Dei lyttar i liten grad til det den andre seier.

På tredje trinn er partane sinte på kvarandre, og dei blandar sak og person. Dei roper til kvarandre og kallar kvarandre stygge ting. Gamle og uavslutta konfliktar dukkar opp. Begge har slutta å lytte til kva den andre seier. Dei truar kvarandre og krev at den andre skiftar meining. Konflikten er fastlåst.

På fjerde trinn er det «krig». Partane slåst og skrik til kvarandre. Dersom ingen skil dei, vil dei slåst til ein gir seg eller blir skadd. Dei ser på kvarandre som fiendar.

Relatert innhald

Vi kan handtere konfliktar på fleire måtar. Ulike modellar for konflikthandtering kan hjelpe oss med å forstå konfliktane.

CC BY-NC-SASkrive av Guri Bente Hårberg og Trine Merethe Paulsen.
Sist fagleg oppdatert 18.03.2020

Læringsressursar

Press og stress