Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Korleis kan bilete skape press og stress?

På sosiale medium bruker vi i stor grad bilete når vi kommuniserer. Korleis påverkar desse bileta deg, og korleis kan dei bidra til å auke og minske press og stress?

Oppgåve 1: Redigerte bilete

Sjå videoen over og svar på spørsmåla.

  1. Mange av bilete vi ser kvar dag er redigerte og fiksa på. Kva kan du gjere for at slike bilete ikkje skaper negativt press og stress?
  2. Kva forventningar trur du redigerte bilete er med å skape?
  3. Samanlikn bileta av modellen før og etter at ho vart sminka og bileta vart manipulerte. Kva for nokre ulike tankar og kjensler trur du desse bileta vekker hos dei som ser på?
Astrid S på Bylarm i Kulturkirken Jakob i 2017. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Oppgåve 2: Bilete på sosiale medium

Sjå på Astrid S sitt bilete på Instagram. Svar på spørsmåla.

  1. Kvifor trur du ho har lagt ut akkurat dette biletet?
    • Kva tankar trur du ho hadde?
    • Kva kjensler trur du ho hadde?
    • Kva trur du ho vil oppnå med å leggje det ut?
  2. Kva reaksjonar får du når du ser eit slikt bilete?
    • Kva tankar får du?
    • Kva kjensler vekker biletet?
    • Får du lyst til å kommentere, setje hjarte eller liknande? Kvifor? Kvifor ikkje?
  3. Analyser biletet.
    • Kva gjer kvinna? Korleis poserer ho?
    • Er biletet iscenesett? På kva måte?
  4. Diskuter påstanden: "Bilete på sosiale medium, som Instagram og Snapchat, bidreg til urealistiske forventningar som fører til auka press og negativt stress."
  5. Samanlikn biletet frå spørsmål a med dette biletet frå Astrid S sin Instagram-konto. Kva effekt kan det ha at ein òg legg ut slike bilete av seg sjølv på sosiale medium?
  6. Finn eit bilete på sosiale medium som vekker mange kjensler og analyser det på same måte som du analyserte biletet i spørsmål a, b og c.
CC BY-SASkrive av Albertine Aaberge og Karl Henrik Aanesen.
Sist fagleg oppdatert 08.03.2020

Læringsressursar

Press og stress