Hopp til innhald

Fagstoff

Er det mogleg å lage iskrem med sprit?

Vatn frys ved 0 °C. For å få iskrem, må vi tilsetje sukker og feitt òg. Då må vi ned til –18 °C. Er det mogleg å lage iskrem med ein god del alkohol i tillegg? Kor kaldt må det vere då?
Detaljar i iskremstrukturen til ein krone-is som innhaldar iskrystall, luftbobler, feitt og sukker. Bilemontasje.

Is smeltar lettare med sukker og sprit

Viss vi lagar is av berre vatn, får vi ein hard isklump. Med sukker får vi ein mjukare is. Du har kanskje lagt merke til at saftisen du lagar heime, ikkje er like hard som isbitar laga av berre vatn? Sukkeret i isen senkar frysepunktet til vatnet. I tillegg inneheld iskrem feitt og protein, som gjer iskremen krema og glatt.

Tilsetjing av sprit har same verknad som sukker, berre mange gongar sterkare. Allereie når vi tilset sukker, må vi ha temperaturar godt under 0°C for å få isen til å fryse. Med den mengda alkohol som blir lova i reklamen, vil vi trenge ein mykje lågare temperatur enn det ein vanleg frysedisk kan gi oss.

I daglegtalen seier vi alkohol når vi meiner sprit eller etanol. I kjemien er alkohol ei heil gruppe med stoff, der etanol er eit av mange.

Hydrogenbindingar held vassmolekyla saman

Årsaken til at vatn frys lettare enn alkoholar som etanol, er å finne i samhaldet mellom vassmolekyla. Mellom oksygen og hydrogen i nabomolekyl oppstår det tiltrekkingskrefter som gjer at molekyla held saman. Vi kallar desse kreftene hydrogenbindingar.

Figuren under viser at det kan oppstå mange bindingar mellom vassmolekyl. Slike tiltrekkingskrefter finst òg mellom etanolmolekyl, men det er færre moglegheiter for at slike bindingar oppstår. Dermed har etanolmolekyl vanskelegare for å halde saman enn vassmolekyl. Resultatet er at is smeltar ved ein mykje høgare temperatur enn fast etanol. Rein etanol (100 % sprit) smeltar ved -144°C.

Kollasj som viser forskjellen i bindingar mellom vassmolekyl i is og etanolmolekyl i fast etanol. Illustrasjon.

Prøv sjølv!

  • Gule saftisar med ispinnar. Foto.

    Undersøk korleis sukker- og alkoholinnhald påverkar kor lett ein saftis frys.

  • Set opp og planlegg korleis du kan undersøke hypotesane dine.
  • Observer endringar med jamne mellomrom.
  • Tips! Pass på at du berre endrar den variabelen du ønsker å finne effekten av.
CC BY-SASkrive av Thomas Bedin.
Sist fagleg oppdatert 04.02.2019

Læringsressursar

Ver kritisk!