Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

"Kva med gutane, då?"

Er likestillinga gått for langt? Dette spør NRK sin dokumentar "Kjønnskampen" om. Utforsk temaet og ha eit kritisk blikk på forsking og argumentasjon.

Del 1. Kva kan de om likestilling frå før?

Diskuter i grupper:

  • Kva forbind de med orda "likestilling"?
  • Er likestillinga i Noreg gått for langt?
  • Bør gutane starte ein "mannskamp" slik kvinnene har hatt kvinnekampen "sin"?
  • Vi kallar kvinnekampen for "feminisme". Kva skulle vi ha kalla det om det kom ei bølge av menn som kjempa for rettane sine?

Kva trur de er svaret på spørsmåla under?

  • Kor mykje er gjennomsnittleg for kvinner og menn i Noreg?
  • Kor mange prosent av kvinner jobbar deltid, og kor mange prosent av menn gjer det?
  • Kor stor del av toppleiarane i Noreg er kvinner?
  • Er det flest kvinner eller menn som tek høgare utdanning?
  • Kven får best eksamenskarakterar på vidaregåande skule – gutar eller jenter?

Del 2. Finn svara

Kor mykje kunne de om likestilling? Finn svara på spørsmåla over ved å lese forsking på området. Sit saman i grupper med kvar dykkar pc og diskuter. Då er de sikre på å komme fram til riktig svar.

Tips til kjelder:

SSB: Likestilling

Forskning.no: Utdanningsgapet mellom kvinner og menn øker.

Udir: Karakterstatistikk for videregående skole

Del 3. Diskuter i grupper igjen:

Var det nokon av funna de gjorde, som overraska dykk?

Del 4. Diskuter dokumentaren Kjønnskampen

NRK sin dokumentar "Kjønnskampen" vekte stor oppsikt då han kom ut. Her blir det spurt om likestillinga er gått for langt. Tek ikkje samfunnet menn og problema deira på alvor? Og er det berre "syting" når menn klagar på dårleg behandling?

Sjå Kjønnskampen på NRK.

Sit i grupper og diskuter:

  • Kva synest de om påstandane som kjem fram i dokumentaren?
  • Var det noko av det som blei sagt, som provoserte dykk? Forklar kvifor.
  • Fekk de sympati med mennene og gutane som meiner at vi må ta problema deira på alvor?
  • Kvifor gjer gutar det så mykje dårlegare enn jenter på skulen?

Del 5. Går det an å stille spørsmål ved forsking?

Ein viktig del av dokumentaren er intervju med skuleforskaren Thomas Nordahl. Han meiner at gutar blir diskriminerte i skulen. Stemmer det han seier?

Diskuter i grupper:

  1. Kva argument bruker Nordahl for underbygge påstanden sin om diskriminering?
  2. Korleis kan du undersøke om det han seier, stemmer?
  3. Bruker Nordahl tal og samanlikningar du synest gir meining? Grunngi svaret.

Dokumentaren skapte mange reaksjonar, ikkje minst på Nordahl si framstilling av vurderingsforskjellar. Han blir motsagt av tre forskarar frå Folkehelseinstituttet i ein kronikk i Aftenposten.

Finn ut kva forskarane meiner ved å lese kronikken i Aftenposten: Unyansert fra NRK om kjønnsforskjeller i skolen.

  1. Kva motargument har dei tre forskarane, Stoltenberg, Flatø og Torvik?
  2. Får det dei skriv, deg til å endre meining om det Nordahl sa i dokumentaren? Forklar kvifor/kvifor ikkje.

Del 6. Undersøk sjølv – kva seier statistikken?

Finn ut av det sjølv ved å gå inn på Utdanningsdirektoratets karakterstatistikk for vidaregåande skule. Her kan du finne både standpunktkarakterar og eksamenskarakterar på munnleg og skriftleg eksamen. Du kan òg sortere resultat etter kjønn.

Sit saman i grupper og diskuter funna dykkar:

  • Kva fann de ut om standpunktkarakterane og eksamenskarakterane til gutar og jenter?
  • Kva trur de kan vere årsaka til at Nordahl ikkje trekker inn eksamenskarakterane?
  • Kva kan vere årsakene til at gutar og jenter får dei standpunkt- og eksamenskarakterane dei får?

Del 7. Reflekter

Diskuter i grupper

  1. Kva tenker du om likestilling etter å ha jobba med emnet? Ville du ha endra det du svarte i del 1? Grunngi svaret!
  2. Kva eller kven påverkar tankane dine om likestilling mest?
  3. Kva trur du skal til for at likestillingsdebatten skal føre til meir likestilling?

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Åsa Abusland.
Sist fagleg oppdatert 20.02.2020

Læringsressursar

Ver kritisk!