Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Forbilete og motbilete

Vi er omringa av bilete i dagens medieverkelegheit. Kven er representert i media? Korleis påverkar bilete oss? Korleis kan du bruke bilete som motreaksjon?
Jente ser på mobiltelefon, ho sit i lys med logoar frå sosiale medium. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Oppgåve 1

  1. Gå til nettstaden til dei store landsdekkjande avisene VG, Dagbladet, Dagens Næringsliv og Aftenposten. Jobb i grupper, der kvar gruppe undersøkjer bileta i éi avis kvar.
  2. Undersøk kven som er på bileta på framsida til avisene på nett etter kategoriar som går på kjønn, alder, etnisitet og funksjonsgrad. Noter òg kva som er temaet i saka som biletet er brukt til. Lag ein tabell til å registrere det de finn.
  3. Presenter resultata dykkar til dei andre gruppene.
  4. Er nokon av gruppene under- eller overrepresenterte i forhold til kor stor del dei utgjer av befolkninga elles?
  5. Diskuter: Kva er konsekvensen når nokre grupper er over- eller underrepresenterte i media?

Oppgåve 2

Ung.no: Kroppspress og selvbilde (YouTube)

Sjå videoen om kroppspress og sjølvkjensle frå ung.no, og svar på spørsmåla:

  1. Kva seier Anne Bentzrød om kroppspress, og kjenner du deg att i dette?
  2. Kva er problemet med retusjerte bilete i denne samanhengen?
  3. Kva er samanhengen mellom kroppspress og sjølvkjensle?
  4. Kva kan du gjere for å minske kroppspresset?
  5. "Du er meir enn utsjånaden din", seier denne videoen. Er du samd i denne påstanden? Grunngi svaret ditt.

Oppgåve 3

Forbilete

  1. Gå saman i mindre grupper. Lag ei oversikt over kva slags influensarar de følgjer i sosiale medium. Dette kan de gjere ved å sjå på feeden til kvar enkelt i gruppa. Vel dei ti første bileta som dukkar opp, og som ikkje er frå vener eller slektningar.
  2. Ta skjermbilete av dei utvalde bileta frå feeden, og set desse saman i eit dokument der dei dannar eit lappeteppe. Diskuter: Er det mykje fokus på utsjånad, eller er det andre sider ved influensarane som blir vektlagde i bileta?
  3. Kva slags verkemiddel er mykje brukte? Sjå etter vinklar, filter, fargebruk, komposisjon, symbol og språklege verkemiddel i tekst-element. Er nokon bilete retusjerte?
  4. I kva grad speglar bileta mangfaldet av mennesketypar som finst i samfunnet elles, med tanke på kroppsfasong, etniske grupper, aldersgrupper og kjønn?

Oppgåve 4

Motbilete

  1. I lenkjene i tekstboksen nedanfor finn de bilete av menneske som vi kanskje ikkje ser så ofte i sosiale medium. Kva vektlegg desse bileta i framstillinga av menneska vi ser? Kva slags verkemiddel er brukte for å få fram bodskapen i bileta?
  2. Korleis ville det påverka oss viss det var desse bileta som danna lappeteppet vi ser kvar dag når vi loggar på sosiale medium?
  3. Vi kallar desse bileta motbilete i denne oppgåva. Kva trur de vi legg i dette? Krev det mot å leggje ut bilete som bryt med norma?
  4. Jobb i små grupper eller par, og lag dykkar eigne motbilete. Det kan vere bilete som fokuserer på andre sider ved dykk enn utsjånaden, bilete som viser nyansane i livet som vanlegvis ikkje kjem fram på sosiale medium, eller bilete som er med på å motverke perfeksjonspresset. Set saman bileta til eit lappeteppe som klassen kan ha på veggen.

CC BY-SASkrive av Caroline Nesbø Baker og Jan-Arve Overland.
Sist fagleg oppdatert 23.01.2020

Læringsressursar

Ver kritisk!