Introduksjon
Kor mykje stolar du på det som dukker opp på sosiale medium? Du og andre deler andres innhald, ofte utan å tenkje over om innhaldet er sant. I denne læringsstien skal du arbeide med ei konkret sak. Etter å ha fullført stien skal du:
- kunne forklare kva falske nyheiter er og korleis dei blir spreidde
- vite korleis du kan gå fram for å avdekke falske nyheiter og hindre at dei blir spreidde
- kjenne til korleis kunnskap i fleire fag kan hjelpe deg til å vere ein kjeldekritisk og aktiv medborgar