Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Tekstar, identitet og mangfald

Korleis kan tekstar bidra til at nokon hamnar innanfor ein fellesskap og nokon utanfor? Sjå nærare på tekstar med fleirkulturelle karakterar, og bruk det du lærer som eit utgangspunkt for kritisk tenking når du les skjønnlitteratur.
Veggmåleri som viser ein mann på stige som målar fargeprikkar. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Del 1. Tekst og identitet

  1. Les fagartikkelen om tekst og identitet og lag ei kort, skriftleg oppsummering av kvart avsnitt.
  2. Del oppsummeringane i små grupper etterpå.
  3. Diskuter denne problemstillinga frå artikkelen: Kan tekstar forsterke kjensla av å vere annleis?

Del 2. Mangfald i litteraturen

  1. Les NRK-artikkelen "Savner mangfold i norske barnebøker".
  2. Kva seier Nhu Diep om korleis ho tenkte då ho laga boka om Lille Ting?
  3. Lag ei oversikt over kva dei ulike personane som blir intervjua i artikkelen, meiner om bøker med fleirkulturelle karakterar.

Del 3. Zamir og å skrive om "dei andre"

  1. Les teksten "I går, i dag, i morgon" av Tone Wasbak Melbye.
  2. Kva er tema og bodskap i denne novella?
  3. Kven er hovudpersonen Zamir? Kva får du vite om han?
  4. Diskuter: Er det berre dei som har ein annan etnisk bakgrunn som kan og bør skrive frå ein fleirkulturell ståstad?

    Leit etter belegg for argument for begge sider i fagartikkelen om tekst og identitet og NRK-artikkelen om mangfald i litteraturen.
CC BY-SASkrive av Caroline Nesbø Baker.
Sist fagleg oppdatert 16.04.2020

Læringsressursar

Ver kritisk!