Hopp til innhald
Oppgåve

Kvifor blei dei lurte?

Video: Christina Svien / CC BY-SA 4.0

Oppgåve 1

Sjå filmen. Kvifor trudde jentene på denne "nyheita" om Smirnoff-iskrem?

  • Kva trur du?
  • Har du trudd på liknande saker andre har delt?
  • Kva seier fagstoffet du har lese om grunnen til at vi liker og deler slike saker?

Oppgåve 2

Kvifor dukkar det opp slike nyheiter og reklamar i sosiale medium?

  • Kva trur du?
  • Kva seier fagstoffet du har lese om dette?

Oppgåve 3

Reklamane og anna innhald på internett blir tilpassa kvar enkelt mottakar.

  • Kva forbind du med omgrepa "algoritmar" og "big data"?
  • Synes du det er greit at reklamane du får er tilpassa interessene dine?