Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Tolkingspåstandar

No skal du formulere såkalla tolkingspåstandar om den romanen du har lese. Med dette meiner vi at du skal påstå noko viktig om teksten, på eit fagleg grunnlag. Det lønner seg å bruke slike tolkingspåstandar når du skal skrive ein analyse og ei tolking av romanen.
Jente som sit ved eit skrivebord og ser tankefull ut. Ho har ein kulepenn i handa og skal til å ta notat. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Oppdrag 1: Lag fire tolkingspåstandar om romanen

Du skal no lage i alt fire tolkingspåstandar om romanen. Éin av desse tolkingspåstandane skal handle om tematikken i romanen. I tillegg skal du velje ut tre andre sider ved romanen som du ser på som viktige.

Dersom du har valt å følgje læringsstien om romananalyse, kan du no sjå gjennom det du har skrive ned undervegs: Kanskje notata dine om personkarakteristikk, miljøskildringar eller komposisjon set deg på sporet av sentrale tolkingspåstandar? Eller er det andre ting du vil trekkje fram?

Skriv ned fire tolkingspåstandar om romanen din. Legg så til ei kommentarsetning som forklarer og / eller utdjupar påstanden.

Eksempel 1

Temaet i denne romanen er framandgjering. Hovudkarakteren strevar etter tilhøyrsle, men han finn ho ikkje, verken i byen, blant menneska eller i naturen.

Dette er ein tolkingspåstand om temaet i ein roman. Påstanden blir forklart nærare med at hovudkarakteren ikkje finn seg til rette nokon stad der han oppheld seg.

Eksempel 2

Eit sentralt symbol i Ringenes herre er “den eine ringen”. Han har blitt smidd for mørkets fyrste Sauron og kan gi han absolutt makt og kontroll over alle rike og skapningar, og Sauron kan berre bli beseira dersom ringen blir øydelagd.

Dette er ein tolkingspåstand om symbolbruk i ein romantrilogi. Påstanden blir utdjupa gjennom ei kommentarsetning om den konkrete og sentrale funksjonen ringen har i sjølve forteljinga.

Oppdrag 2: Bevis tolkingspåstandane dine!

For at ein tolkingspåstand skal bli oppfatta som gjennomtenkt og truverdig, må du presentere døme og sitat frå romanen som underbyggjer han.

Eksempel 1

I romanen Undis Brekke blir hovudkarakteren Undis stadig konfrontert med hendingar og kjensler frå fortida. Når ho oppdagar at barndomskameraten Cornelius er på festen, unngår ho å møte blikket hans – slik ho også på ungdomsskulen “[...] nekta å sjå på han” (s. 31).

Her blir påstanden underbygd med eit døme og eit sitat frå teksten. Men sidan skrivaren hevdar at hovudkarakteren Undis stadig blir konfrontert med hendingar og kjensler frå fortida, må ho presentere fleire døme – elles vil ikkje påstanden framstå som godt nok grunngitte. Det er elles generelt lurt å nemne fleire døme når du skriv om sentrale verkemiddel, miljøskildring og liknande i ein roman.

Viss du treng å repetere korleis du flettar sitat inn i teksten din, kan du lese vidare her: Kjeldetilvisningar i APA-stil

Eksempel 2

Eit sentralt symbol i Ringenes herre er “den eine ringen”. Han har blitt smidd for mørkets fyrste Sauron og kan gi han absolutt makt og kontroll over alle rike og skapningar. Ringen står for eit omsynslaust og øydeleggjande begjær etter makt og stordom, og han freistar og korrumperer alle som er i nærleiken av han eller ber han. Ikkje eingong Frodo og Sam, som aldri har hatt nokon som helst draumar om makt, er beskytta mot dei mørke kreftene i ringen. Sam ber ringen berre ei kort stund, og det at han er jordnær og har sterke verdiar, hjelper han å stå imot – så vidt. Frodo, derimot, må bere ringen lenge, slik at han vinn stadig større makt over han. Til slutt taper han kampen mot ringen. Det som skjer med Sam og Frodo, viser at ingen er heilt fri for maktbegjær, og at det kan ha katastrofale følgjer når maktbegjæret får ta overhand.

Her bruker skrivaren to kommentarsetningar: I den første setninga gjer ho greie for den konkrete funksjonen ringen har i handlinga, og i den andre forklarer ho kva ringen står for som symbol. Deretter nemner ho to sentrale døme, og til slutt forklarer ho korleis ho tolkar desse døma i lys av den symbolfunksjonen ringen har.

CC BY-SASkrive av Jorunn Øveland Nyhus og Marion Federl.
Sist fagleg oppdatert 28.05.2019

Læringsressursar

Å skrive romananalyse