Hopp til innhald

Fagstoff

Analyse av episke tekstar

"Botanikk er det verste blomane veit", har ein ukjend spøkefugl skrive på ein vegg ein gong. Er tekstanalyse det verste tekstane veit? Eller har både botanikken og tekstanalysen sin funksjon?
Fem hestehovar i bløming.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Kva, korleis og kvifor

Skal du analysere ein episk tekst, kan du stille desse tre spørsmåla:

  • Kva er det denne teksten handlar om?
  • Korleis kjem dette fram?
  • Kva vil forfattaren med teksten sin?

For å kunne svare på desse spørsmåla kan det vere greitt å kjenne nokre fagomgrep. Dessutan lønner det seg å gå fram systematisk.

Ein bevisst og strukturert lesemåte

Ein analyse kan gi deg større utbytte av lesinga, og han kan hjelpe deg til å verte ein betre skrivar sjølv. Ved hjelp av ulike analyseomgrep kan du gjere presist greie for korleis teksten er bygd opp, og kva forteljarteknikkar og verkemiddel som er brukte. Relevante punkt i ein analyse er mellom anna:

  • motiv, tema og bodskap
  • handling og konflikt
  • komposisjon
  • framstillingsform
  • forteljartempo
  • forteljar og synsvinkel
  • personskildring
  • miljøskildring

Du kan lese meir om alle desse punkta i eigne fagartiklar i dette emnet. Noko er sikkert repetisjon for deg, anna kan vere nytt. Uansett er kunnskapar om tekstanalyse gode å ha med seg vidare i arbeidet med norskfaget.

CC BY-NC-SASkrive av Tone Elisabeth Grundvig.
Sist fagleg oppdatert 31.01.2019

Læringsressursar

Å skrive romananalyse