Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Romanen min

Når du skriv ein litterær analyse, må du starte med å presentere teksten for lesaren. Finn informasjon om den romanen du har valt å analysere.
Elevar i klasserom. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Oppdrag: Finn informasjon om romanen

Fakta om romanen

Når du skriv innleiinga til ein litterær analyse, er det viktig å presentere romanen for lesaren. Ei god innleiing inneheld tittelen på romanen, namnet på forfattaren og forlag og år romanen blei gitt ut.

Kvifor valde du denne romanen?

Kjende du kanskje til forfattaren eller boka frå før? Var det omslaget som verka forlokkande, eller anbefalte nokon denne romanen for deg? Var det kan hende nokon som bestemte at det var denne romanen du skulle lese?

Kva trur du romanen din kjem til å handle om?

Sjå nøye på tittelen, bileta på omslaget og les vaskesetelen på romanen. Vaskesetel blir den teksten kalla som du finn på baksida eller inne i omslaget på boka. Kan hende veit du også litt frå før om kva romanen handlar om?

Bruk informasjonen som du har til no og gjer deg nokre tankar om kva romanen kan handle om. Tenk på moglege konkrete hendingar, på utfordringar som karakterane kanskje vil bli nøydde til å relatere til, og på tematikk.

Jobb gjerne saman med sidemannen din. Når de er ferdige, presenterer de for kvarandre kva de har funne ut. Hugs skriftlege notat på alt, og samle notata i mappa di.

CC BY-SASkrive av Jorunn Øveland Nyhus.
Sist fagleg oppdatert 23.05.2019

Læringsressursar

Å skrive romananalyse