Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Omskriving

I revisjonsfasen skal du revidere eller skrive om teksten frå eit første utkast til ferdig tekst. Her er nokre tips til korleis du kan gjere teksten din betre.

Sjekk om teksten din har ein hensiktsmessig struktur

  • Har teksten både innleiing, hovuddel og avslutning?
  • Har du funne ei logisk og hensiktsmessig rekkjefølgje på dei fem avsnitta i hovuddelen? (Eitt avsnitt om handlinga i romanen, eitt avsnitt om temaet og tre avsnitt om andre viktige sider som du vil løfte fram).

Sjå gjennom dei fire avsnitta i hovuddelen

  • Har avsnitta ei temasetning med ein tydeleg tolkingspåstand?
  • Presenterer du sentrale døme og/eller sitat som underbyggjer påstanden i temasetninga?
  • Kommenterer du døma etter at du har presentert dei?
  • Dersom avsnittet handlar om verkemiddelbruk: Forklarer du funksjonen verkemiddelet har i teksten?
  • For deg som allereie er ein kløppar til å analysere tekstar: Korleis bidreg det du skriv om i avsnittet til å forstå tematikken i romanen?

Ei god grunnoppskrift på avsnittsoppbygging i ein tekstanalyse er denne:

Oppbygging av avsnitt

Avsnittsoppbygging

DØME

Temasetning

Begynn avsnittet med ei såkalla temasetning som fortel kva avsnittet kjem til å handle om. Tolkingspåstandar fungerer svært godt som temasetningar!

Eit sentralt symbol i Ringenes herre er “den eine ringen”.

Kommentarsetning(ar)

Skriv ei eller to kommentarsetningar som forklarer og utdjupar temasetninga.

Han har blitt smidd for mørkets fyrste Sauron og kan gi han absolutt makt og kontroll over alle riker og skapningar. Ringen står for eit omsynslaust og øydeleggjande begjær etter makt og storleik, og han freistar og korrumperer alle som er i nærleiken av han eller ber han.

"Bevis" frå teksten

Deretter bruker du "bevis" frå teksten, det vil seie døme og sitat, for å underbyggje påstanden din.

Ikkje eingong Frodo og Sam, som aldri har hatt nokon som helst draumar om makt, er beskytta mot dei mørke kreftene til ringen. Sam ber ringen berre ei kort stund, og det at han er jordnær og har sterke verdiar, hjelper han å stå imot – så vidt. Frodo derimot må bere ringen lenge, slik at ringen vinn stadig større makt over han. Til slutt taper han kampen mot ringen.

Avrunding

Forklar kort korleis døma belyser tolkingspåstanden din.

Det som skjer med Sam og Frodo, viser at ingen er heilt fri for maktbegjær, og at det kan ha katastrofale følgjer om maktbegjæret får ta overhand.

Vurder innleiinga di

  • Går det tydeleg fram kva teksten din skal handle om? Oppgåva du fekk, var ganske open: “Skriv ein analyse av romanen du har lese. Peik på sider ved både form og innhald.” Ut frå dei tolkingspåstandane du har skrive om i hovuddelen, vil det vere mogleg å spisse innleiinga litt: Ser du til dømes særleg på synsvinkel eller miljøskildringar? La dette komme tydeleg fram i innleiinga di.
  • Ei god innleiing skal også vekkje nysgjerrigheit og interesse hos lesaren. Gjer innleiinga di det?

Vurder avslutninga di

  • Rundar ho av teksten din på ein god måte?
  • Kanskje ho gir svar på nokre av spørsmåla du stiller i innleiinga, eller ho oppsummerer dei viktigaste tolkingspåstandane dine?

Er tekstbindinga god?

Ein viktig del av revisjonsfasen er å skape god logisk samanheng, både mellom setningar og mellom avsnitt. Til dette formålet treng du tekstbindarar. Bruk gjerne oversikta nedanfor når du går gjennom teksten og sjekkar kor samanhengen må bli tydelegare og betre.

CC BY-SASkrive av Jorunn Øveland Nyhus.
Sist fagleg oppdatert 02.06.2019

Læringsressursar

Å skrive romananalyse