Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Konflikt og handling

Utgangspunktet for ei forteljing er vanlegvis ei eller anna form for utfordring eller konflikt. Denne konflikten driv handlinga framover. Undersøk konflikt og handling i den romanen du har valt å lese.
Nærbilete av underarmar og hender til to personar. Hendene deira er knytte saman.  Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Oppdrag 1: Konflikten eller konfliktane i romanen

Ein konflikt kan oppstå på grunn av eit motsetnadsforhold mellom to eller fleire personar. Ein person kan også komme i konflikt med samfunnet omkring eller oppleve ein vanskeleg etisk valsituasjon.

Les gjerne litt meir om konfliktar: Handling og konflikt

Finn ut:

  • Kva for utfordringar opplever hovudpersonen, eventuelt også andre karakterar i romanen din?
  • Finst det éin konflikt eller fleire?
  • Kva er eventuelt hovudkonflikten?

Beskriv konflikten eller konfliktane, og arkiver notata i mappa di.

Oppdrag 2: Lag eit handlingsresymé

Eit handlingsreferat er eit samandrag av handlinga i ei forteljing eller i eit drama. Samandraget kan vere meir eller mindre utførleg, avhengig av kva det skal brukast til. Eit svært kort samandrag, som berre gir oss “skjelettet” av handlinga, kallar vi også for resymé.

I eit handlingsreferat gir du att det som skjer i kronologisk rekkjefølgje (tidsrekkjefølgje), og du skriv i presens, slik som i dette dømet:

I romanen Undis Brekke av Gunnhild Øyehaug møter vi universitetslæraren Undis. Ho flyttar attende til heimbygda si Kolve etter at ho har måtta gi opp doktorgradsoppgåva si i Bergen. Når ho kjem til heimbygda, dreg ho på ein fest for å møte dei nye kollegaene sine. Her treff ho fleire gamle kjende, både sambygdingar, vener og tidlegare kjærastar. [...]

Du skal no skrive eit resymé av romanen din der du erstattar så mange ord som mogleg med emojiar. Du kan til dømes hente emojiar frå emojicopy.com eller getemoji.com. Nedanfor finn du to døme som kan vere til inspirasjon.

Presenter resyméet for sidemannen din eller for klassen og fortel med ord kva som skjer i romanen.

Døme 1

Dette resymeet er skrive ved hjelp av berre emojiar. Klarer du å sjå kva for roman dette er eit (litt humoristisk) resymé på?

👑👹💍💍💍💍💍💍💍
💍💍💍💍💍💍💍💍💍
💍💍💍💍💍💍💍🌋👑

Svar

Riktig svar her er Ringenes Herre av J.R. Tolkien. Resymeet er skrive av Eren Celik ved Hartvig Nissens skole.

Døme 2

Miranda Thiis-Evensen ved Hartvig Nissens skole har laga resymeet nedanfor. Klarer du å forstå kva romanen Elenor & Park av Rainbow Powell handlar om?

Oppsummering av Eleanor og Park: Romanen handlar om ein 👦🏻og ei 🙎‍♀️på 1️⃣6️⃣ år som 💑 i kvarandre. Begge bur i eit dårlegare nabolag som heiter "Flats", men guten bur i eit fint 🏡med 👩, 👨🏻og 👦, mens Eleanor bur i eit falleferdig 🏚med ein 👹 stefar, 👩🏼og 👫👫. Eleanor og Park har kvar sine 👊, men Eleanors situasjon er mest 😨. Ho må til slutt ✈ fordi stefaren er farleg, og ho får 🆘-hjelp av Park og to medelevar.

CC BY-SASkrive av Jorunn Øveland Nyhus.
Sist fagleg oppdatert 27.05.2019

Læringsressursar

Å skrive romananalyse