Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Personskildring i romanar

I ein roman er det alltid nokre karakterar som vi oppfattar som viktigare enn andre. Likevel har alle karakterane sin funksjon i teksten. Dei kan til dømes stå for bestemte eigenskapar, haldninger og verdiar, eller dei kan stå i motsetnad til kvarandre slik at konfliktar blir tydelege.
Scene frå filmen "Ringenes herre". Frodo Baggins i forgrunnen, venen hans Sam i bakgrunnen. Det finst skog og ruinar etter eit slott i umiddelbar nærleik. Foto.

No er det på tide å sjå litt nærare på karakterane i den romanen du har valt å lese, særleg på hovudkarakteren. Les i romanen din i 20 minutt og gjennomfør deretter oppdraga nedanfor.

Oppdrag 1: Forklar fagomgrep

Når du blir beden om å skrive ein personkarakteristikk (ein karakteranalyse), treng du nokre sentrale fagomgrep som arbeidsverktøy. Sjå på fagomgrepa som er lista opp nedanfor og forklar dei med eigne ord. Skriv ned forklaringa di.

Dersom du ikkje hugsar desse omgrepa så godt, kan du lese kort om dei først:

Relatert innhald

  1. karakter
  2. direkte personskildring
  3. indirekte personskildring
  4. persongalleri
  5. hovudperson
  6. biperson
  7. type
  8. individ
  9. statisk karakter
  10. dynamisk karakter

Gå gjerne saman med sidemannen og samanlikn forklaringane dykkar. Deretter skal de tenkje gjennom denne påstanden og prøve å grunngi han:

Når du skal skrive ein personkarakteristikk, er det særleg viktig å sjå på replikkvekslingar (dialogar).

Legg notata dine i mappa di og les i tjue minuttar til i romanen din. Ha omgrepa om personkarakteristikk i mente når du les. Den neste oppgåva du skal løyse, handlar nemleg nettopp om personskildringa av hovudkarakteren i romanen.

Oppdrag 2: Lag ein karakteristikk av hovudkarakteren

Kven er hovudkarakteren i romanen du les, og korleis er han/ho? Bruk omgrepa du nettopp har lært i ein kort personkarakteristikk av hovudkarakteren.

Ta vare på denne teksten og arkiver han i mappa di.

CC BY-SASkrive av Jorunn Øveland Nyhus.
Sist fagleg oppdatert 23.05.2019

Læringsressursar

Å skrive romananalyse