Personskildring - Norsk (YF) - NDLA

Hopp til innhald
Fagartikkel

Personskildring

Sentralt i både episk og dramatisk dikting står dei litterære personane. Talet på personar i ei forteljing kan variere mykje, men det er som regel færre personar i korte tekstar som noveller og eventyr enn i større verk som romanar og ættesoger.

Direkte personskildring

I episk dikting kan vi skilje mellom to typar personskildring: direkte og indirekte. Når personar blir skildra direkte, kommenterer forteljaren utsjånad og eigenskapar ope. Slik blir til dømes hobbitane skildra i J. R. R. Tolkiens bok Hobbiten frå 1937:

Hobbitane er (eller var) eit lite folk, om lag halvparten så høge som oss, og mindre enn dei skjeggete dvergane. Hobbitar har ikkje skjegg. Det er lite eller ingenting av trolldom ved dei, bortsett frå den vanlege kvardagslege sorten som hjelper dei å forsvinne stille og raskt når svære, dumme folk som du eller eg kjem tumlande fram og bråker som elefantar så dei kan høyre det ei fjerdingmil unna. Dei (...) har lange, flinke, brune fingrar, godmodige andlet og ler djupt og fyldig (særleg etter middag, som dei et to gonger om dagen så sant dei kan).

Indirekte personskildring

I tillegg til den direkte personkarakteristikken kan forteljaren påverke oppfatninga vår av personane på indirekte vis. Forteljaren formidlar kva personane seier, korleis dei handlar, kanskje òg kva dei tenkjer, og får oss til å trekkje våre eigne slutningar om dei. Som oftast finn vi ei blanding av direkte og indirekte person-skildring i episke tekstar.

I større verk bruker forfattaren av og til innslag av andre sjangrar for å fortelje noko om personane i handlinga. Døme på dette er kvad i islendingesogene, dagboktekstar og brev i romanar og songar i skodespel.

Typar og enkeltpersonar

Personskildringa kan variere frå forfattar til forfattar, frå stilperiode til stilperiode og frå sjanger til sjanger. I eventyr til dømes er gjerne roller og ytre handling langt viktigare enn individuelle eigenskapar hos personane. Personane er derfor berre veldig enkle typar.

I romanar derimot kan vi møte svært samansette karakterar; særleg kan hovudpersonen vere breitt skildra. Ein slik samansett hovudperson møter vi til dømes i romanen Sult av Knut Hamsun. I denne boka er skildringa av det indre livet til hovudpersonen mykje viktigare enn den ytre handlinga.

Persongalleri

Like interessant som skildringa av den enkelte personen er måten eit persongalleri er sett saman på, og forholdet dei forskjellige personane har til kvarandre.

Personar kan ha ulike funksjonar i eit verk. Dei kan setje i gang ei handling, stå mot kvarandre i konfliktar, og dei kan utgjere både parallellar og kontrastar. Personar, handling og tematikk er ofte knytte saman på den måten at ulike personar representerer ulike haldningar og verdisett.

Nokre fleire nyttige omgrep

  • karakter
    eit anna ord for "person i ein litterær tekst"
  • hovudperson
    personen som vi får vite mest om og som til vanleg står sentralt i handlinga
  • biperson
    person som får mindre plass og merksemd, men som alltid har ein klar funksjon i teksten
  • dynamisk karakter
    ein person som utviklar og endrar seg på grunn av det han eller ho opplever
  • statisk karakter
    ein person som fortset å vere slik han eller ho alltid har vore

Kjelde

Tolkien, J.R.R. (1972). Hobbiten, eller Fram og tilbake igjen (N. I. Agøy, overs.). Tiden Norsk Forlag. (Opphavleg utgitt 1937).

Relatert innhald

Skrive av Tone Elisabeth Grundvig.
Sist fagleg oppdatert 17.10.2022