Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Bli ein barokkdiktar!

Ei skriveoppgåve der du skal låne stilen frå salmediktarane på 1600-talet når du lagar din versjon av skulereglementet.
Tips til lærar

Her er det fint å jobbe i par. Det hjelper gjerne på kreativiteten.

Andre reglar kan sjølvsagt òg brukast i oppgåva, som til dømes Fjellvettreglane (snl.no)

Plukk ut dei beste forslaga og set saman eit "nytt" skulereglement som blir sendt til rektor. Ein kjend mottakar kan motivere til innsats!

Oppgåve

Dei barokke diktarane brukte mange språklege bilete i tekstane sine. Det er sterke kjensler, gjerne skildra med snirkla setningar og vanskelege ord. Sjå gjerne filmen over før du arbeider vidare.

Del 1: Finn stilen

Les eit barokkdikt (eller fleire) og strek under dei språklege bileta du finn. Du kan gjerne kopiere dei og lime dei inn i dokumentet du skal jobbe vidare i.

Relatert innhald

Utdrag frå teksten «Afften Psalme» av Dorothe Engelbretsdotter.

Del 2: Skriv om reglane

  1. Finn ordensreglementet til skulen. Ofte ligg det på nettsida til skulen. Kopier og lim inn minst ein av reglane i dokumentet ditt.

  2. Dryss litt barokkmagi over regelen ved å herme etter dei språklege bileta frå salmane du fann i del 1.

Del 3: Del dei nye reglane

Klassekviss: Les opp dei nye reglane etter tur. Klarer klassen å gjette kva regel det er?

Del 4: Teksten i kontekst

  1. Kvifor brukte diktarane i barokken så mange språklege bilete og snirkla språk?

  2. Kva effekt har det barokke sløret på skulereglementet?

CC BY-SASkrive av Marthe Johanne Moe.
Sist fagleg oppdatert 10.06.2021

Læringsressursar

Språklege verkemiddel