Hopp til innhald

Fagstoff

Symbol

Eit symbol er ein konkret ting som står for noko meir eller noko anna enn seg sjølv. Vi skil mellom kulturbestemde og litterære symbol.
Finsk, norsk, svensk, islandsk og dansk flagg blafrer i vinden. Foto.

Kulturbestemte symbol

Med symbol meiner vi i utgangspunktet alle typar teikn som står for noko anna enn seg sjølv − frå matematiske symbol, bokstavar og noteteikn til trafikkskilt, flagg og logoar.

Kva eit symbol står for, er vanlegvis kulturbestemt. Eit flagg, til dømes, er eit stykke tøy med eit bestemt mønster i bestemde fargar − iallfall for ein som aldri har sett eit flagg før. Vi må lære kva flagget tyder, på same måte som vi må lære oss bokstavar og trafikkskilt. Slike kulturbestemde symbol kallar vi gjerne konvensjonelle symbol.

Symbol og tyding

Det er ofte vanskeleg å sjå nokon opplagd samanheng mellom symbol og tyding, i det minste når vi tenkjer på matematiske teikn og bokstavar. Men det er nok ikkje heilt tilfeldig at det er dua som symboliserer fred, og ikkje hauken eller ørnen. Eller at ankeret, ein reiskap som sørgjer for at skipet ligg trygt i hamn, symboliserer håpet. Viss vi tenkjer etter, kan vi altså ofte finne ein samanheng likevel.

Litterære symbol

Ein forfattar kan skape sine eigne symbol i ein tekst. Slike symbol kallar vi litterære symbol. Eit litterært symbol er ein gjenstand eller eit fenomen som har ein konkret funksjon i teksten, men som i tillegg får ei vidare, overført tyding.

Ringen, hovedsymbolet i filmen "Ringenes herre", i handa på Frodo, filmkarakteren som skal sørge for å få tilintetgjort ringen. Nærbilde. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Eit døme: Ringenes herre

I trilogien Ringenes herre av J. R. R. Tolkien får hovudpersonen ein ring av onkelen sin. Det er langtfrå nokon vanleg ring, tvert imot: Ringen har den eigenskapen at han gir eigaren makt over andre. Men ringen er skapt av den vonde fyrsten Sauron og kan berre nyttast i teneste for det vonde. Viss Sauron får tak i ringen att, kan han ta makta over heile verda. For å hindre dette blir det bestemt at Frodo skal ta med seg ringen til Mordor, Saurons rike, og kaste han i ein vulkan som blir kalla Ildberget. Berre slik kan ringen bli øydelagd.

Men ringen har òg makt over personen som ber han, og alle som kjem nær han, blir freista til å søkje makta for makta si skuld, og dermed bli vonde. Sjølv ikkje ein djupt anstendig person som Frodo kan i lengda motstå dei mørke kreftene ringen ber i seg.

Ringen blir likevel øydelagd til slutt: Frodo når fram til Ildberget, men får seg ikkje til å ta av seg ringen og kaste han ned i vulkanen. Han blir overfallen av Gollum, ein tidlegare ringberar, som no er så besett av å få tak i ringen at han bit fingeren av Frodo. Gollum greier å få tak i ringen, men jublar så hemningslaust at han mister likevekta og fell ned i Ildberget. Ringen har dermed blitt øydelagd av si eiga mørke kraft, og makta til Sauron bryt saman.

Konkret og symbolsk funksjon

Alt som skjer i Ringenes herre er på ein eller annan måte knytt til ringen. Han har ein heilt konkret funksjon i teksten, han er ein gjenstand som må øydeleggjast for å hindre ein katastrofe.

Samtidig symboliserer ringen den freistinga som ligg i det å ha makt. Maktkjensla kan gi rus på same måte som andre rusmiddel, ho kan gjere oss avhengige og forandre personlegdomen vår. Og når makt er det einaste som betyr noko, bryr vi oss ikkje lenger om forskjellen mellom godt og vondt.

Kjelde

Tolkien J.R.R (1954). Ringenes herre. George Allen & Unwin.

Relatert innhald

Oppgåver til det språklege verkemiddelet symbol.

CC BY-NC-SASkrive av Marion Federl og Cecilie Isaksen Eftedal.
Sist fagleg oppdatert 17.12.2018

Læringsressursar

Språklege verkemiddel