Korleis nærlese dikt?
Før vi skal setje i gang med diktet til Gro Dahle, skal du få sjå eit døme på kva nærlesing er. Nærlesing av tekstar har som mål å finne verkemidla som er brukte og analysere korleis desse framhevar temaet i tekstane. Men korleis går du fram for å få til dette?
I videoen under er diktet "Midt i byen" av Rudolf Nilsen brukt som døme. Det er derfor lurt å setje seg litt inn i dette diktet før de ser videoen.
Diktet "Midt i byen" kan de finne på Nasjonalbibliotekets nettsider.
- Les diktet. Diskuter i par eller grupper: Motivet i dette diktet er bylivet, men korleis meiner de det blir framstilt? Meiner det lyriske jeg-et at det er positivt eller negativt å bu i byen?
- Rudolf Nilsen bruker ei rekkje verkemiddel, til dømes metaforar, samanlikningar, symbol, besjelingar og kontrastar. Klarer de å finne dei?
- Om de har vore så flinke at de klarte å finne verkemidla, skal vi gjere det som er det viktigaste i nærlesinga – finne ut av kvifor forfattaren bruker dei ulike verkemidla. Diskuter på gruppa: Kvifor bruker han dette ordvalet? Korleis forsterkar det stemninga eller temaet i diktet?
- Sjå videoen under.
I denne fasen skal de først jobbe heilt på eiga hand, deretter i klassefellesskap. Diktet de skal jobbe med er "Hvilket rom har bare plass til én?".
De skal ikkje starte med å nærlese diktet, altså leite etter verkemiddel. Det første du bør gjere når du les eit dikt, er å prøve å forstå kva det handlar om.
- Set av 10 minutt til å lese diktet "Hvilket rom har bare plass til én?" (nedst på sida) heilt aleine. Det er viktig at det er stille i klasserommet medan de les. Les diktet minst tre gonger. Noter ned alt de meiner er viktig for forståinga av diktet undervegs i lesinga.
- Diskuter kva de meiner er temaet i diktet i klassefellesskap.
- Nærles diktet aleine. Bruk framgangsmåten de lærte i videoen.
- Diskuter funna i par eller grupper. Kva verkemiddel har de lagt merke til?
- Diskuter kva funksjon verkemidla har.
Relatert innhald
Kilde
Nilsen, R. (1929). "Midt i byen" frå Hverdagen. Oslo: Gyldendal.