Hopp til innhald

Fagstoff

Ironi og sarkasme

Humor, ironi og sarkasme er tre sterke språklege verkemiddel. Vi bør bruke dei med omhug og klokskap.
Rotete rom med klær hulter til bulter på en sofa. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Ironi

Ordet ironi kjem frå gresk og tyder opphavleg «forstilt tale» eller «å seie éin ting og meine det motsette». Det talaren seier, skal altså ikkje oppfattast bokstavleg. Orda har ei anna tyding under overflata, og talaren føreset at mottakaren oppfattar denne skjulte bodskapen òg. «Ja, her var det ryddig!» kan til dømes foreldra seie til ungdommen som lèt kleda sine liggje på sofaen i vekevis. Ironi er lettast å oppfatte når vi høyrer eller ser personen som snakkar, men kan òg brukast i skrift.

Sosial funksjon

Ironi kan brukast på ulike måtar. Han kan blant anna ha ein sosial funksjon, det vil seie at ironisk språkbruk viser at vi er «ein del av gjengen». Mange ungdommar bruker ironi på den måten. «Du tullar ikkje!» eller «No kidding!» tyder gjerne det stikk motsette, nemleg at ein oppfattar talaren som han faktisk tullar. Orda blir gjerne uttalte med eit tonefall og eit kroppsspråk som gjer det nokså klart kva talaren meiner.

Når vi spøkjer med kvarandre i gjengen, er vi ikkje ironiske for å dumme ut nokon, men for å ha det moro saman. Den som er munnrapp og meistrar den ironiske stilen, blir dessutan gjerne oppfatta som kulare enn «treige» folk som ikkje har ordet i si makt.

Spøk og våpen

Ironi kan brukast som ein uskyldig spøk. Men han kan òg fungere som eit effektivt våpen som rammar hardt, og som det kan vere vanskeleg å forsvare seg mot – om ein då ikkje klarer å svare med same mynt eller le av det heile.

Sarkasme

Med sarkasme meiner vi ein hånande, nedsetjande uttrykksmåte. Formålet er å latterleggjere ein person, ein situasjon eller ein ting. Sarkasme kan ein uttrykkje gjennom stemmebruk og kroppsspråk, til dømes ved å overdrive, leggje ekstra vekt på ord eller setningar, himle med auga og liknande: «Nei, tenk det, eg kan dessverre ikkje ane at du har prøve i morgon når du ikkje fortel meg det!»

Satire

Satiren er ein sjanger som blei utvikla av romarane. Formålet med satiren er gjerne å refse maktpersonar og samfunnsforhold, men han kan òg brukast til å blottstille menneskelege veikskapar og lastar. Satirikaren bruker latterleggjering gjennom sterk ironi og grove overdrivingar som våpen. Dikt, essay og romanar, kabaretar, tv- og radioprogram er døme på sjangrar som kan ha satirisk innhald. Eit døme på eit satirisk tv-innslag frå NRK-progammet Satirisk kan du sjå nedanfor.

NRK Humor på Youtube: Slik kan dårlig stemning løse plastpose-problemet

Relatert innhald

Nokre gonger fungerer ikkje kommunikasjonen slik han bør. Vi får ikkje med oss kva som blir formidla, misforståingar oppstår og så bortetter.

CC BY-SASkrive av Marion Federl og Cecilie Isaksen Eftedal.
Sist fagleg oppdatert 22.06.2020

Læringsressursar

Språklege verkemiddel