Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Ironi og sarkasme

Oppgåve 1

Ironi, parodie eller satire? Sjå den korte snutten frå NRK-serien Over hekken.

  1. Kva verkemiddel bruker Jonas Kvaale for å gjere narr av Kopperud?
  2. Kvifor når han ikkje fram med humoren sin? Har det noko med måten han parodierer på, eller er det mottakaren som er "problemet"?
  3. Diskuter påstanden til Kopperud: "Det er ingen som driv med ironi og satire lenger".

Oppgåve 2

På diskusjonsforumet Diskusjon.no er det ein elev som treng hjelp. Han skal skrive ein analyse av Are Kalvø sin tekst "As long as you love tentamen". Det han treng hjelp til, skildrar han slik:

Hei:) jeg lurer på hva Are Kalvø eigentleg mener med kåseriet as long as you love tentamen. mener han at tentamen er "viktig" ??? jeg skjønner ikke helt ironien han bruker,,, Hadde vært fint med litt hjelp;)

Les teksten As long as you love tentamen av Are Kalvø.

  1. Skriv eit svar til eleven som treng hjelp. Forklar kva som er hovudsynet i teksten til Kalvø.
  2. "Jeg skjønner ikke helt ironien", skriv brukaren på Diskusjon.no. Trekk ut eit sitat frå teksten til Kalvø og forklar korleis han bruker ironi for å få fram bodskapen sin.

Oppgåve 3

Les teksten Norge nok en gang kåret til verdens verste land.

  1. Kva heiter nettsida teksten er henta frå?
  2. Kva er formålet med nettsida, og kven står bak ho?
  3. Forklar bruken av ironi i teksten og hugs å gi døme.

Relatert innhald

CC BY-NC-SASkrive av Åsa Abusland og Marion Federl.
Sist fagleg oppdatert 08.06.2020

Læringsressursar

Språklege verkemiddel