Hopp til innhald

Fagstoff

Samanlikning, metafor og klisjé

Samanlikning, metafor og klisjé er språklege bilete. Dei kan beskrive nokon eller noko på ein kort og treffande måte. Kva fortel det til dømes om ein person når vi samanliknar vedkomande med ein katt?
Katt som balanserer på gjerdestolper, fremre bein og bakbein på hver sin stolpe. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Språklege bilete

Språklege bilete er ei fellesnemning på ord og uttrykk som har overført tyding. Med overført tyding meiner vi at orda ikkje skal tolkast bokstavleg. Det finst mange typar språklege bilete, og samanlikning, metafor og klisjé er tre av dei.

  • Han såg ut som ein stor, koseleg bamse.
  • Line er lur som ein rev.
  • Du er eit esel!
  • Hei, skatten.

Samanlikning

Eit språkleg bilde inneheld alltid ei samanlikning: Kallar vi nokon for eit esel eller ein bamse, meiner vi eigentleg at personen har eigenskapar som er felles med desse dyra. Når ein gjer samanlikninga tydeleg ved å bruke samanlikningsord som lik, som, liksom eller likne, kallar vi det språklege biletet heilt enkelt for samanlikning:

  • Hannah er som ei rose.
  • Ho likna ein katt med dei mjuke, grasiøse rørslene sine.
  • Læraren smilte som ein svolten ulv.
  • Fotografane likna ein flokk gribbar som slost om byttet.

Samanlikningar kan òg vere meir omfattande. I diktet "Hentet" til dømes skildrar Johann Grip ein kvardagsleg situasjon, det å bli henta i ein barnehage, og samanliknar denne med ein heilt annan type avskjed. Du finn diktet "Hentet" på nettsida Boktips.

Eg-personen i diktet tenkjer sjølvsagt på sin eigen død. Han ønskjer å bli henta på same måten som barn blir henta av foreldra sine i ein barnehage. Denne måten å bli henta på assosierer han med noko positivt. Slik blir døden ikkje berre ein trist slutt på livet, men noko etterlengta og gledeleg, kanskje til og med starten på noko heilt anna.

Metafor

Samanlikningar der samanlikningsordet er sløyfa, kallar vi metaforar. Diktet "Mitt hjerte" av Jens Bjørneboe begynner slik:

Mitt hjerte det er et foreldreløst barn,

(Bjørneboe, 1958)

Bjørneboe kunne ha skrive "Mitt hjerte er som et foreldreløst barn", men då ville biletet på langt nær verka like sterkt. Samanliknings- ordet står bokstavleg talt i vegen og gjer det klart at vi snakkar "på liksom". Sløyfar vi samanlikningsordet, rykkjer orda tettare saman både i teksten og i tankane våre. Biletet står derfor tydelegare og meir levande for oss. For å låne eit omgrep frå musikken: Metaforen har meir "trøkk" enn samanlikninga.

Utvida metafor

Ein metafor kan byggjast ut slik at han går over fleire setningar. Då kallar vi han gjerne ein utvida metafor. I diktet til Bjørneboe blir metaforen "foreldreløst barn" utvida og utdjupa gjennom ei heil strofe:

Mitt hjerte

Mitt hjerte, det er et foreldreløst barn,
det har verken hjem eller sted å bo,
det har ikke klær, ikke mat og sko,
det har verken seng eller barnetro.
Det har ingen ro. (...)

Klisjé

Ein klisjé er eit språkleg bilete som ikkje lenger er friskt og nytt. Vi har høyrt det så ofte at vi opplever det som kjedeleg og utbrukt. "Ho er som ei rose" er eit typisk døme på eit slikt noko forslitt uttrykk. Andre døme er "Lise skein som ei sol", "Hans var tynn som ein strek" eller "Gutane våre har vore ute ei vinternatt før".

Når vi bruker ordet klisjé, feller vi ein kvalitetsdom. Klisjéomgrepet er ikkje knytt til éin type språklege bilete, men kan nyttast om alle typar språklege bilete som vi opplever som oppbrukte.

Traktor brøyter vei i mørket i snøstorm på Karmøy. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Kjelder

Bjørneboe, J (1958). "Mitt hjerte" frå Den store by. Oslo: Cappelen.

Grip, J (2003). "Hentet" frå Enkle dikt. Oslo: Cappelen Damm.

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Marion Federl og Cecilie Isaksen Eftedal.
Sist fagleg oppdatert 14.12.2018

Læringsressursar

Språklege verkemiddel