Sluttfør
CC BY-NC 4.0Bruk god tid til å lese over teksten før du leverer. Her lærer du nokon strategiar i sluttføringsfasen.
Du er no inne i ein læringssti:
Skriv ei samanlikning av Gunnlaug Ormstunge og Min kamp 4
Bruk god tid til å lese over teksten før du leverer. Her lærer du nokon strategiar i sluttføringsfasen.
Å sluttføre teksten vil seie å lese nøye gjennom og sjekke for slurvefeil, dårlege formuleringar og svak flyt. Dette er ein viktig jobb. For det å levere frå seg ein tekst full av slurvefeil vil gjere eit svært dårleg inntrykk på lesaren din.
I par: Les teksten høgt for kvarandre. Det å lese teksten høgt er den aller beste måten å avsløre dårleg språk på. Dårleg språk avdekkjer du ved at
Nokon slit med ein del slurvefeil i teksten. Slike feil kan vere vanskelege å oppdage. For somme er det lettare å sjå feila på papir enn på pc, og då er det å skrive ut teksten eit godt råd. Du kan òg lese teksten baklengs, setning for setning og ord for ord. Dette vil gjere at du les teksten saktare.
Sjølvsagt er innhaldet det viktigaste i ein tekst. Men førsteinntrykket lesaren får når hen opnar teksten din på eigen pc, eller får han på papir, må du òg ta omsyn til. Nokre gode tips:
Då er du klar for innlevering. Lykke til!