Skriv om form etter ein modelltekst
Når du har gjennomført både nærlesing, diskusjon og skrive avsnitt om innhaldet i tekstane du skal samanlikne, er det på tide å gå over til å sjå på korleis tekstane er skrivne, altså det vi kallar forma i tekstane.
Etter at du har gjennomført denne oppgåva, skal du sitje igjen med tre avsnitt i hovuddelen som samanliknar forma i Min kamp 4 og Sagaen om Gunnlaug Ormstunge. Det er
- eitt avsnitt om synsvinkelen og den funksjonen han har
- eitt avsnitt om direkte og indirekte personskildring
- eitt avsnitt om forteljarmåtane i tekstane. Du skal skrive om både tankereferat, handlingsreferat, scenisk framstilling og naturskildring.
Oppgåva
Begge tekstane som ligg ved, handlar om forholdet mellom far og son, men det er 800 år mellom dei. Samanlikn form og innhald i dei to tekstane.
Kommentar: Du skal samanlikne både form og innhald, og du skal vise kunnskap om norrøn tid og samfunnet i dag. Du skal gjere greie for verkemiddel i tekstane, vise kva funksjon dei har og grunngi dine eigne tankar om tekstane. Bruk relevant fagspråk.
Vedlegg:
- Utdrag frå Min kamp 4 av Karl Ove Knausgård (2010)
- Utdrag frå Soga om Gunnlaug Ormstunge, skrevet ned på 1200-tallet:
Om Gunnlaug er det sagt, at han ble tidlig voksen og stor og sterk; han hadde vakkert, lysebrunt hår, sorte øine og et godt ansikt, men nesen kunne vært penere. Han var midjesmal og bredskuldret og meget velbygget. Av lynne var han arrogant og ærekjær, stri og hard støtt og en god skald, glad i å gjøre nidviser, — derfor ble han kalt Gunnlaug Ormstunge. Hermund var mer vennesæl og var rent som en høvding å se til. Da Gunnlaug var femten år gammel, ba han faren om utrustning til en reise; han sa han ville fare utenlands og se andre folks skikker. Illuge bonde drog på det, — det var ulikt å sende ham utenlands, for det var snaut han rådde med ham her hjemme, sa han. Kort etter dette gikk Illuge bonde ut tidlig en morgen og fikk se at stabburet stod åpent; noen varesekker var lagt ut, og likeens kløvgreier. Som han stod og undret seg, kom det én leiende med fire hester. Det var Gunnlaug. Han sa: «Det er meg som har lagt ut sekkene». Illuge spurte, hvorfor han det hadde gjort. Han svarte at det var til reisen hans. «Til den får du ingen hjelp av meg», sa Illuge, «og ingensteds skal du reise, før jeg vil»; og dermed kastet han varesekkene inn igjen. Da red Gunnlaug av gårde og kom til Borg om kvelden; Torstein bonde ba ham være der, og det tok han imot.
Del 1. Skriv eit avsnitt om forteljar og synsvinkel
Start med å skrive eit avsnitt der du set opp mot kvarandre kva slags forteljar og synsvinkel som blir brukte i dei to tekstane du samanliknar. Det er viktig at du
- får fram kven sine "auge" vi ser historia gjennom
- bruker riktig fagomgrep om synsvinkelen
- skriv om kva funksjon val av synsvinkel har for korleis vi tolkar teksten
- samanliknar synsvinkelen i dei to tekstane
Bruk gjerne modellteksten i presentasjonen under som hjelp til struktur og til å få gode tips om å skrive om funksjon.
Del 2. Skriv eit avsnitt om scene, referat og skildring
Val av forteljar og synsvinkel vil gjerne påverke kva slags framstillingsform forfattaren bruker. Det går til dømes ikkje an at ei forteljing som er fortald med ein refererande synsvinkel, har mykje tankereferat.
- Prøv å vise denne samanhengen i avsnittet om framstillingsformene i dei to tekstane.
- Hugs òg å skrive om kva funksjon val av framstillingsform har.
Del 3. Skriv om direkte og indirekte personskildring
Korleis verkar dei ulike karakterane i tekstane du samanliknar? Skriv om dette ved å vise korleis forfattaren bruker direkte og/eller indirekte personskildringar. Legg merke til
- om forfattaren beskriv eigenskapane til personane direkte
eller
- om dei blir skildra gjennom replikkane og handlingane sine, altså indirekte