Å samanlikne to dikt
Ei svært vanleg norskoppgåve går ut på å samanlikne tekstar. Slike oppgåver vert også gitt til eksamen. Ikkje sjeldan er det lyriske tekstar du skal samanlikne.
Når du skal svare på ei samanlikningsoppgåve, er det viktigaste at du viser god forståing av temaet tekstane tek opp og at du kan forklare korleis verkemidla framhevar temaet. I tillegg bør svaret ditt vere godt strukturert. Mange vel å analysere det eine diktet først, deretter det andre, for til slutt å samanlikne dei. Den beste løysinga vil likevel ofte vere å presentere og samanlikne dikta parallelt. Då kjem samanlikningsperspektivet tydelegare fram, og du vil sleppe å gjenta deg sjølv.
Framgangsmåte
Når du skal samanlikne to dikt, er dette ein god framgangsmåte:
- Førles dikta fleire gonger. Lag deg ei oppfatning av motiv og tema, og sjå etter likskapar og skilnader.
- Identifiser dei mest vanlege språklege verkemidla som er brukte i tekstane, og bruk riktige fagomgrep til å beskrive dei.
- Nærles dikta nøye, og noter deg korleis verkemidla er med på å framheve tematikken i dikta.
- Skriv analysen. Legg vekt på god struktur og god tekstbinding.
Læringsstien «Korleis samanlikne to dikt» fører deg gjennom dei ulike fasane i analysearbeidet.
CC BY-SASkrive av Åsa Abusland.
Sist fagleg oppdatert 03.04.2018