Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Førlesing av to dikt om byen

Første steg i ein litterær analyse er å lese tekstane du skal samanlikne grundig og fleire gonger. Kva er det dei eigentleg handlar om? Kva er det forfattaren ønskjer å formidle? Og ikkje minst: Kvifor er nettopp desse to dikta blitt sett saman?
Ein mann går på noko som ser ut som eit kart over ein by. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

To dikt om byen

I denne læringsstien bruker vi to dikt om byen som døme:

  • Rudolf Nilsen: "Midt i byen", frå Hverdagen, 1929
  • Rolf Jacobsen: "Signaler", frå Jord og jern, 1933

Relatert innhald

Det modernistiske diktet "Signaler" (1933) av Rolf Jacobsen handlar om mennesket sitt forhold til byen.

Motiv og tema

I førlesingsfasen les du for å identifisere motiv og tema i dei to dikta. Med motiv meiner vi det ein tekst handlar om på det ytre, konkrete planet. Med tema meiner vi det ein tekst handlar om på eit djupare plan. Vi må sjå dei ulike momenta i teksten i samanheng for å kunne slå fast kva teksten «eigentleg» handlar om.

Del 1. Førlesing av "Midt i byen"

Fire jenter snakkar saman rundt eit bord i eit klasserom.
Opne bilete i eit nytt vindauge

A. Jobb åleine

Når du førles diktet, skal du lese det fleire gonger. Etter kvar gong du har lese eit av dikta, skriv du ned tankane dine om kva diktaren vil formidle med diktet sitt. Det er viktig at du les diktet minst tre gonger, for du vil oppdage nye moment kvar gong du les det.

NB! Ikkje tenk på verkemiddel og fagomgrep enno, berre konsentrer deg om innhaldet.

B. Diskuter med ein medelev eller i gruppe

  1. Kva er motivet og temaet til diktet?

  2. Korleis blir byen framstilt i diktet?

Del 2. Førlesing av "Signaler"

A. Jobb åleine

Les diktet "Signaler" på same måte som du gjorde med "Midt i byen". Prøv å "gløyme" diktet du allereie har lese. Det er om å gjere å lese kvart dikt for seg sjølv.

B. Diskuter med ein medelev eller i gruppe

  1. Kva er motivet og temaet i diktet?

  2. Korleis blir byen framstilt i diktet?

Del 3. Samanlikn dikta

A. Jobb åleine

Les gjennom dikta på nytt, men no skal du sjå på dei frå samanlikningsperspektivet. Still deg sjølv spørsmåla: Kvifor har akkurat desse to dikta blitt valde ut? Kva er det som bør samanliknast? Kva bør eg leggje merke til?

Skriv ned det du vil leggje vekt på av likskapar og ulikskapar i dikta.

B. Diskuter med ein medelev eller i grupper

  1. Finn de nokon likskapar eller forskjellar i motiv og tema i desse dikta?

  2. Kva er temaet i dikta?

  3. Korleis kjem det lyriske eg-et til syne i diktet?

  4. Kvifor blei akkurat desse to dikta sett saman?

Trafikklys i metropolnatta . Bilde.
Opne bilete i eit nytt vindauge
CC BY-SASkrive av Åsa Abusland.
Sist fagleg oppdatert 03.04.2018

Læringsressursar

Å samanlikne tekstar