Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Sluttfør samanlikninga

Etter å ha skrive ein tekst er det freistande å sende han av garde fortast mogleg. Men du kan vinne mykje på å setje av litt tid til sluttføringa.

Å sluttføre teksten vil seie å lese nøye gjennom og sjekke for slurvefeil, dårlege formuleringar og svak flyt. Dette er ein viktig jobb. For det å levere frå seg ein tekst full av slurvefeil vil gjere eit svært dårleg inntrykk på lesaren din.

Oppgave 1 – les høgt

I par: Les teksten høgt for kvarandre. Det å lese teksten høgt er den aller beste måten å avsløre dårleg språk på. Dårleg språk avdekkjer du ved at

  1. du må stoppe opp når du les fordi du ikkje heilt skjønar samanhengen i setningane dine.
  2. partnaren din seier "stopp" med ein gong hen synest det luggar litt språkleg ein stad. Kva kan vere årsaka? Er det uklart språk? Ei setning som ikkje heng heilt saman? Eller er det noko ved innhaldet du bør endre på?
  3. du legg merke til språkflyten. Blir lesinga stakkato nokon stadar? Kunne du sett inn setningskoplingar og bunde avsnitta betre saman?

Oppgave 2 – for deg med mange slurvefeil

Nokon slit med ein del slurvefeil i teksten. Slike feil kan vere vanskelege å oppdage. For somme er det lettare å sjå feila på papir enn på pc, og då er det å skrive ut teksten eit godt råd. Du kan òg lese teksten baklengs, setning for setning og ord for ord. Dette vil gjere at du les teksten saktare.

Oppgave 3 – det er ikkje berre det indre som tel

Sjølvsagt er innhaldet det viktigaste i ein tekst. Men førsteinntrykket lesaren får når hen opnar teksten din på eigen pc, eller får han på papir, må du òg ta omsyn til. Nokre gode tips:

  1. Sjekk skriftstorleiken. Skriftstorleik 12 er den storleiken som er vanlegast å bruke. Mindre storleik enn det kan gjere teksten vanskeleg å lese.
  2. Du bør velje ein skrifttype som er ganske nøytral. Arial og Times New Roman er døme på dette.
  3. Pass på at du har markert avsnitta tydeleg. Du må velje anten lineskift eller innrykk når du lagar nye avsnitt. Hugs å vere konsekvent.
  4. Har du sjekka at du ikkje har laga "hybridavsnitt"? Det vil seie at du har trykt linjeskift (ein gong) der det ikkje skal vere nytt avsnitt. Det er ein uvane mange har. Du skal berre trykkje linjeskift (to gongar) når du lagar nye avsnitt.
  5. Har du hugsa å gi opp alle kjelder du har brukt nedst i teksten?

Då er du klar for innlevering. Lykke til!

CC BY-SASkrive av Åsa Abusland.
Sist fagleg oppdatert 01.02.2021

Læringsressursar

Å samanlikne tekstar