Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Skriv innleiing og avslutning i samanlikningar

Korleis kan du gå fram for å lage ei god innleiing, avslutning og ein god tittel, når du skal samanlikne tekstar?

Når du har skrive hovuddelen til teksten din, er det på tide å skrive innleiinga, avslutninga og overskrifta.

Vi foreslår nemleg at du gjer dette til slutt. Innleiinga skal jo presentere hovuddelen, medan avslutninga skal konkludere. Dermed bør hovuddelen vere ferdig, slik at du ikkje presenterer noko du ikkje gjer, eller konkluderer med noko du ikkje har skrive.

I tillegg lærer du ganske mykje i løpet av ein skriveprosess. Dermed vil du ha betre oversikt over emnet du skriv om etter at du har skrive hovuddelen enn før.

Oppgåva:

Vedlegg: Utdrag frå Min kamp 4 av Karl Ove Knausgård (2010) og utdrag frå Soga om Gunnlaug Ormstunge, skriven ned på 1200-talet.

Begge tekstane som ligg ved handlar om forholdet mellom far og son, men det er 800 år mellom dei. Samanlikn form og innhald i dei to tekstane.

Kommentar: Du skal samanlikne både form og innhald, og du skal vise kunnskap om norrøn tid og samfunnet i dag. Du skal gjere greie for verkemiddel i tekstane, vise kva funksjon dei har og grunngi dine eigne tankar om tekstane. Bruk relevant fagspråk.

Oppgåve 1. Skriv innleiinga

Sjå gjennom presentasjonen under for gode tips om korleis du kan skrive ei interessant og informativ innleiing.

Les gjennom modelltekstane i presentasjonen og la deg inspirere av desse. Dei tek utgangspunkt i ei oppgåve som samanliknar den umoglege kjærleiken mellom menn i novella "Brokeback-fjellet" (1997) av Annie Proulx og eit utdrag frå romanen Mannen som elsket Yngve (2003) av Tore Renberg.

Oppgåve 2. Skriv avslutninga

Hugs at alle tekstar bør ha ei avslutning. Det er på mange måtar desserten i teksten din, og desserten er jo ein godbit du aldri bør hoppe over!

Eit godt tips før du skriv avslutninga, er å skrive ho like etter at du har skrive innleiinga. Då kan du nemleg få til det som blir kalla "slangen bit seg sjølv i halen" – eller sirkelkomposisjon.

Oppgåve 3. Lag ei overskrift

Er du freista til å kalle teksten din "Ei samanlikning av to tekstar"? Ikkje gjer det! Det er ei enkel, og kjedeleg, løysing. Og er det noko du har lært til no, så er det at du aldri skal gå for den kjedelege løysinga.

Nokre gode overskrifter

Les gjennom overskriftene til samanlikninga av "Brokeback-fjellet" og Mannen som elsket Yngve under. Årsaka til at desse fungerer, er at dei

  1. er fengjande
  2. er relativt korte
  3. fortel lesaren kva teksten skal handle om
  1. Forboden kjærleik i Midtvesten og Stavanger
  2. To vanskelege homofile kjærleikshistorier
  3. To historier om menn som elskar menn
  4. Homofile cowboyar og vill forelsking i Stavanger

Lag di eiga overskrift! Gjer ho informativ, men fengjande.

CC BY-SASkrive av Åsa Abusland.
Sist fagleg oppdatert 25.01.2021

Læringsressursar

Å samanlikne tekstar