Hopp til innhald

Fagstoff

Merking for sortering av gods

Her lærer du korleis vi merkjer kolli for å kunne sortere dei ved bruk av automatiske sorteringsanlegg.
Pakker på transportbånd. foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Postens Godssenter sorterer kvar dag i gjennomsnitt 100 000 pakker som kjem inn til terminalen frå heile landet og skal vidare til ulike mottakaradresser.

Automatiske sorteringsanlegg bruker postnummeret til mottakaren som sorteringskriterium. Alle kollia må derfor merkjast med postnummeradressa til mottakaren med tilhøyrande strekkode.

Prinsippskisse av automatisk sorteringsanlegg
Opne bilete i eit nytt vindauge

Det heile fungerer slik:

Innmatingspunkta (1) ligg alle i golvplan, medan sorteringsbandet (2) ligg ein etasje høgare (mesaninetasje). Eitt og eitt kolli blir lagt med strekkoden opp på innmatingspunkta. Derfrå går kollia på eit transportband opp til matingspunktet (3) til sorteringsanlegget. Ein skannar les postnummeret som kolliet skal til. Sorteringsanlegget roterer heile tida i éi retning og består av ei rekkje brett (lamellar) som kvar har plass til eitt kolli. Ved matingspunktet (3) blir eitt og eitt kolli mata inn på kvar sin ledige lamell. Deretter følgjer kollia med sorteringsbandet fram til riktig avkast der lamellane blir vippa opp på skrå. Kollia sklir då av lamellane og fell ned til golvplanet langs ein rutsjebane (4). Alle kollia som skal til same postnummersone, sklir ned same rutsjebane. På denne måten hamnar alle kollia til same postnummersone på same stad. Deretter står det berre att å stue dei i konteinarane og transportere dei til mottakarterminalane.

CC BY-SASkrive av Gunnar Ottesen. Rettshavarar: NKI Forlaget og Amendor AS
Sist fagleg oppdatert 28.12.2018

Læringsressursar

Emballering og klargjøring