Merking av varer og gods - Transport, logistikk og lyfteoperasjoner (TP-TOL vg2) - BETA - NDLA

Hopp til innhald
Fagartikkel

Merking av varer og gods

Merking av varer og gods skal tene mange føremål og ulike merkjereglar gjeld for kvart føremål.

Vi merkjer emballasje mellom anna for å

  • møte krava frå myndigheitene om varedeklarasjon og opphavsmerking
  • rettleie brukarane om produktet
  • åtvare brukarane mot feil bruk av produktet
  • kunne sortere gods automatisk ved terminalbehandling
  • spore gods ved transport
  • kunne handtere gods riktig ved lagring og transport
  • kunne kjeldesortere emballasjeavfall korrekt
Skrive av Gunnar Ottesen. Rettshavarar: NKI Forlaget og Amendor AS
Sist fagleg oppdatert 27.12.2018