Fagartikkel
Merking for kjeldesortering av emballasjeavfall
Vareprodusentar og -formidlarar produserer mykje emballasjeavfall som dei har plikt til å ta hand om. Her lærer du litt om reglane for merking av emballasje for kjeldesortering.
Emballasjeavfall består anten av glas-, metall-, kartong- eller plastmateriale. Både glas-, metall- og kartongemballasje er lett å sortere utan sorteringsrettleiing. Plastemballasje må vi sortere slik at vi skil gjenvinnbar plast frå ikkje-gjenvinnbar plast.
Plastemballasje er merkt med desse symbola:
Polyetylentereftalat Drikkeemballasje, såpeflasker, klede, teppe | |
---|---|
Polyetylen – høg tettleik Flasker, kanner, kasser, bereposar, tankar og røyr | |
Polyvinylklorid Røyr, profilar, plastslangar, golvbelegg og regntøy | |
Polyetylen – låg tettleik Bereposar, strekkfilm, krympefolie og landbruksfolie | |
Polypropylen Boksar, spann, lokk/kapslar, vovne storsekker til gjødsel, fôr, tilsetjingsstoff og så vidare | |
Polystyren Yoghurtbeger, plantebrett, finst også som EPS (ekspandert skumplast, isopor) | |
Andre Samlenemning for alle andre typar plast |
Plast merkt med 03 og 07 skal sorterast åtskild frå dei andre.